Ungdommar laga til fest for seniorane

Av

Årets seniorfest i Kulturhuset Husnes blei ekstra flott takka vere ungdomsskuleelevar.

DEL

DittKvinnherad1. oktober er FNs internasjonale dag for eldre. Dei siste åra har Frivilligsentralen hatt ansvar for å skipa til seniorfest i lag med kulturhuset og kulturkontoret. Det vert laga eit tre timars program, der målet er å hylla seniorane våre med god mat og lystig underhaldning. Det er alltid spenning blant arrangørane som jobbar hardt med å få på plass eit innhaldsrikt program som famnar alle utan å ha for store kostnadar.

I år vart det ei ekstra stor glede i eit frivillighjarta då ein lærar frå Husnes ungdomsskule tok kontakt og ville vera medarrangør for seniorfesten. Ho er lærar i valfaget «Innsats for andre» i 10. klasse. Me bukka og takka og starta arbeidet med å laga årets fest. Her har elevane engasjert seg i det meste av arrangementet. Elevane og lærarane deira Maria og Leila har pynta lokalet, laga oppsatsar, vore konferansierar, hatt underhaldning, dansa, servert, laga bordkort, vore billettørar, rydda og mykje meir. Og alt har dei gjort med glans! Me bøyer oss i støvet, tar av oss hatten, bukkar og neier og er rett og slett stumme av beundring! Dagens ungdom, altså!

Me vil ropa høgt hurra for 10. klasse ved Husnes ungdomsskule og deira innsats på seniorfesten. Totalt 21 elevar bidrog!

Personlege bordkort

Seniorfesten var ei flott oppleving. Alle seniorane vart tekne imot av blide elevar som mellom anna billettørane Emma, Emil og Alva. I gangen sto Svein Olav og spela på ukulele før me opna dørene til festsalen. Medan gjestene venta på å få koma inn, var elevane rundt og handhelste på alle gjestene, og dette var lagt merke til og kommentert positivt gjennom heile kvelden.

Då dørene endeleg opna, stod ordførar Hans Inge Myrvold klar for å ønska kvar og ein av gjestene velkomne på festen. Inne i den pynta festsalen stod resten av gjengen frå «Innsats for andre» smilande og klare for å visa gjestene til bordet. Dei trekte ut stolar og følgde gjestene til bords. Personlege bordkort hadde dei òg laga. På bordkorta stod det personlege helsingar som til dømes «den blide», «den evigunge» «den morosame» og «den høflege» – bordkorta sette stemninga, og gjestene bytte på bordkorta og viste stolt fram sitt bordkort. Einar Opedal smilte frå øyra til øyra og viste fram sitt bordkort der det stod «den smilande».

– Det var så kjekt å få eit slikt bordkort! Skulle nesten tru dei kjente meg, tralla Einar.

Fleire tok med seg bordkorta heim, og ein av gjestene sa så fint at «dette skal få stå på nattbordet mitt». Her var altså stemninga sett allereie før me hadde fått opna offisielt.

Vil gjera andre glade

Sjølve festen vart leia av to flotte konferansierar; Aurora og Eydis. Trygge og gode presenterte dei kveldens program med glans. Dei fortalde mellom anna om kvifor dei hadde valt «Innsats for andre» som valfag, og sa mellom anna at gleda av å sjå at nokon vart glade gav ei god kjensle.

I programmet var ordføraren først ut. Han gratulerte forsamlinga med dagen og heldt ein fin tale til gjestene. Deretter var jentene på scena igjen og gav informasjon om kveldens meny, som var herleg svinebog med tilbehør og ein lekker fromasj til dessert. Maten vart servert av ungdommane som såg ut som om dei aldri hadde gjort anna enn å servera og rydda opp i etterkant. Maten fekk velfortent skryt og gjestene såg ut til å vera godt nøgde med menyen.

Humor og musikk

Deretter var det tid for Aslaug Elisabeth Torget Sjo, ho er som alltid munter og blid og får alltid forsamlinga til å le. Aslaug er rekna som «fast» kåsør på desse samlingane, og takkar alltid ja til oppgåva med eit stort smil om munnen. Heile salen kosa seg medan Aslaug elegant trylla med ord frå scena. Elevane hadde òg eigne innslag, der mellom anna Anette hadde ein flott sketsj som fekk publikum til le godt.

Det er ikkje tvil om at me har flinke musikarar i kommunen. Kulturskulen stiller alltid villig opp på slike arrangement, og i år var me var så heldige å få besøk frå «orkester 3» som spelte lystige tonar til oss. «Orkester 3» er strykeorkester samansett med elevar frå 6. klasse og opp til 3. klasse på vidaregåande, og dei kjem frå heile kommunen. Dei er leia av dyktige Olena Pasichnyk.

Deretter var det tur for Kvinnherad spelemannslag. Denne lystige gjengen er med oss for andre år på rad. Dei spela kjente og kjære viser og fekk både gjester og elevar ut på dansegolvet.

Me fekk òg stødig og god innføring i prosjektet «Husnes seniorsenter» ved Roald Teigen. Husnes seniorsenter har fått eiga heimeside, og me fekk sjå film om korleis det nye seniorsenteret var tenkt. Roald skjemta med at om to år vert seniorfesten halden i det planlagte bygget!

Festen vart avrunda med takketale ved Sverre Vevelstad, leiar i eldrerådet. Han fortalde at på hans bordkort sto det «den høflege» og han nytta derfor høvet til å takka for ein flott fest og informera om eldrerådet og den ny oppretta stillinga eldreombod.

Heilt til slutt var heile gjengen frå ungdomsskulen oppe på scena der dei vart takka med roser, velfortent skryt og applaus frå heile salen.

Festen kort oppsummert var ein flott hyllest til seniorane og vart avrunda med ein hyllest til ungdomane. Det erhåp for framtida med slik ungdom! Takk for fantastisk innsats.

Veronica T. Thorsen

Dagleg leiar ved Kvinnherad frivilligsentral

Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags