Desse tok nye dan-grader

Desse tre tok nye dan-grader på sommarsamlinga på Stord. F.v.: Tor Olav Fredheim, Kate Petterson og Adam Eldi. (Foto: Privat).

Desse tre tok nye dan-grader på sommarsamlinga på Stord. F.v.: Tor Olav Fredheim, Kate Petterson og Adam Eldi. (Foto: Privat).

Av
DEL

Innsendt

13.–16. juni deltok Husnes karateklubb på den årlege sommarsamlinga på Stord for alle karateklubbane i Norway JKA. Heile 46 medlemmer frå Husnes reiste over for å trena saman med rundt 450 andre utøvarar, og læra av dei beste instruktørane ein kan skaffa frå hovudkvarteret i Tokyo, Japan.

Eg vil gratulera alle medlemmer som graderte seg til nye kyu-grader, og takka alle for god deltaking dette året. Husnes karateklubb kan vera stolte av at me klarer å stilla med så mange medlemmer på desse treningsamlingane.

Eg vil også spesielt gratulere Tor Olav Fredheim, Kate Petterson og Adam Eldi med nye dan-grader. Klubben har no fått to nye nidan-svartbeltarar (2. dan) og ein ny shodan-svartbeltar (1. dan). Adam Eldi starta med karate i ein alder av 45 år, og etter åtte år har han no lukkast i å få svart belte.

Husnes karateklubb har i desse dagar fleire høgt graderte utøvarar og fleire sertifiserte instruktørar med lang erfaring. Gode tilbakemeldingar frå Norway JKA stadfestar at me har særs høg standard på utøvarane våre.

På vegner av styret vil eg ønskja alle medlemmer ein god sommar.

Osu!

Rune Hanssen

Hovudinstruktør Husnes karateklubb


Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags