Flott svømming av ung husnesing

Didrik Gudding (kvit badehette) gjorde det godt på LÅMØ-stemne førre helg. (Foto: Privat).

Didrik Gudding (kvit badehette) gjorde det godt på LÅMØ-stemne førre helg. (Foto: Privat).

Av
DEL


Ditt Kvinnherad: Didrik Gudding (13) frå Husnes som svømmer for Stord svømmeklubb deltok 15.–17. mars på «Landsdel Årsklassemønstring Vest 2019» (LÅMØ) som blei arrangert av Karmøy svømmeklubb.

Heile 26 klubbar hadde utøvarar som var kvalifiserte til stemnet, og berre dei 24 beste gutane og dei 24 beste jentene frå 03–06-årskullet får delta.

Didrik greidde å persa på alle fem distansane på stemnet, noko som gav han ein flott 12. plass samanlagt. Didrik var rangert som nr. 15 før LÅMØ-stemnet og klarte å komma seg ned tre plassar på rankinglista. Tidene hans vart 4.41.2 på 400 meter crawl, 1.11.10 på 100 meter butterfly, 2.32.57 på 200 meter rygg, 2.36.9 på 200 meter medley og 3.15.01 på 200 meter bryst.

Didrik, som saman med søstera Ida Helen meldte overgang til Stord for eitt år sidan, ligg no godt an i dei fleste svømmeartene og held eit høgt nivå.

Neste stevme blir om 14 dagar – Bergen Swim Festival i Bergen.

Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags