Er Didrik (13) tidenes raskaste ungdomssvømmar i Kvinnherad?

Av
DEL


For to helger sidan tok Didrik Gudding (13) frå Husnes gull i 100 meter crawl med tida 0.59,49. Det kan vera den beste tida nokon ungdomssvømmar i Kvinnherad har hatt nokon gong.

Laurdag 11. og søndag 12. mai deltok søskena Didrik (13) og Ida Helen (15) på stemnet Stord Swim Cup saman med rundt 350 andre svømmarar. Dei to svømmer for Stord Symjeklubb.

På dette stemnet imponerte Didrik i fleire distansar. Laurdagen svømte han fire distansar og tok personlege rekordar på alle. Den største prestasjonen denne dagen var nok på 50 meter crawl der han svømte på den 6. beste tida i Norge blant 14-åringar, og Didrik var berre 0.5 sekund frå 2. plassen. På 100 meter medley persa han òg, og blei nummer 9 på lista over dei beste medley-svømmarane blant 14-åringar.

På søndagen svømte han tre distansar. På 100 meter ryggsvømming fekk han den 14. beste tida av svømmaren i 14-årsklassen i landet. I den siste distansen, 100 meter crawl, persa han med to sekund og svømte inn til førsteplass og gull. Med tida han fekk der er han på 7. plass i landet blant 14-åringar på denne distansen. Etter å ha studert Trio sine svømmarar og tidene deira heilt tilbake til 70-talet, kan ikkje underteikna sjå at det er nokon som er i nærleiken av desse prestasjonane med tanke på at Didrik berre er 13 år.

På laurdag deltok Ida Helen i heile seks distansar. Ho tok og personlege rekordar i begge crawl-øvingane. Søndag persa ho òg på både 100 meter bryst og 50 meter butterfly. Oppturen kom då ho svømte seg inn på 29,93 og braut grensa frå 30 til 29 sekund. Ho vart og 39. beste jente på 50 meter crawl med berre under sekundet ned til topp 15 i landet i sin aldersklasse. Samandraget etter konkurransane i helga for Ida Helen blei fire nye fine persar som gav to gull, to sølv og to bronsemedaljar. Ho fekk òg to tredjeaplassar som ikkje gav premiar fordi det berre var nokre få som stilte til start på øvingane.

Ronny Gudding,

far til ungdommane

Resultat

Didrik Gudding:

50 m Fri: 27,13 Pers (1. plass)

50 m Bryst: 38.50 Pers (5. plass)

100 m Medley: 1.10,12 Pers (1. plass)

100 m Bryst: 1.28,64 Pers (5. plass)

100 m Rygg: 1.09,07 Pers (1. plass.)

100 m Fri: 59,49 Pers (1. plass)

Ida Helen Gudding:

50 m Fri: 29,93 Pers (3. plass)

50 m Bryst: 39,15 (2. plass)

100 m Fri: 1.07,71 Pers (3. plass)

50 m Fly: 35,91 Pers (2. plass)

100 m Bryst: 1.29,83 Pers (2. plass)

5 x 50 m Medley (1. plass)


Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags