Sette personlege rekordar

Av
DEL

Innsendt
Helga 14–16. juni deltok Husnes-ungdomane Didrik (13) og Ida Helen Gudding (15), som begge sym for Stord Symjing, på AdO Cup i Bergen, eit langbanestemne der alle konkurrerte i 50 meters basseng.

Både Ida Helen og Didrik skulle prøva å kvalifisere seg til forskjellige distansar til ungdomsmeisterskapet (UM) som er i oktober. Begge var utruleg nærme.

Didrik var nokre små hundredelar og tidelar frå å greie det på fleire distansar. Ida Helen var også tidelar frå å greie det på ein av distansane.

Didrik tok fire 3. plassar og to 2. plassar på stemnet, medan Ida Helen sikra seg ein bronsemedalje.

Resultat Didrik Gudding


50 krål – 27.52 ny langbanerekord (3. plass)
100 rygg – 1.12.51 ny langbanerekord (2. plass)
50 butterfly – 30,52 ny langbanerekord (3. plass)
200 krål – 2.12.24 ny langbanerekord (2. plass)
100 butterfly – 1.09.92 ny langbanerekord (5. plass)
200 medley – 2.38.43 ny langbanerekord (3. plass)
100 krål – 1.00.75 ny langbanerekord (3. plass)

Resultat Ida Helen


50 krål -30.09 ny langbanerekord (10. plass)
100 bryst – 1.28.84 ny rekord og ny langbanerekord (6. plass)
200 bryst – 3.28.29 ny rekord med 25 sekund (9. plass)
50 bryst – 39.97 (6. plass)
100 krål – 1.10.69 (10. plass)

Av Ronny Gudding

Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags