Tok med seg heim 17 symjemedaljar på ei helg i Stavanger

Av
DEL

DittKvinnherad

Helga 24–26. mai deltok Ida Helen (15) og Didrik Gudding (13) sammen med klubben deira Stord symjing på det tre dagar lange symjestemne Techouse Open i Stavanger symjehall. På stemnet deltok 400 andre symjarar frå Vest og Sør-landet.

Ida Helen skulle konkurrera i 6 distanser og to av dei var langdistansekonkurransar (400 m crawl og 800 m crawl). Langdistansane stod i fare for å måtte avlysast sidan ho låg sjuk heile veka før. Heldigvis så var desse to distansane på søndagen, så håpet var der. Fredagen svømde ho 50 m crawl. Det blei ingen pers, men ho svømde på samme tid som før. Laurdagen svømde ho 50 bryst og 200 m crawl, begge på samme tid som før.

Søndagen var dagen ho skulle konkurrera i lange distansar. Den første var 100 m crawl, der ho kom eit halvt sekund bak pers. Etter dette så var det berre til å lade opp til dei tyngste distansane. 800 meter og A- finale i crawl svømde ho perfekt, og heilt etter boka som ho og trenaren hadde planlagt. Det resulterte med solid rekord med heile 45 sekunder og 4. plass. Etter pausen var det 400 crawl og her vart det også ny rekord og ein fin 3. plass.

Didrik skulle i utgangspunktet svømma 9 distansar denne helga, men det endra seg raskt. Didrik hamna i finalen i alle distansene han svømde. Dette gjorde at han måtte svømma heile 17 distanser på disse tre dagene. Tre distansar på fredagen, 8 distansar på laurdagen og 6 distansar på søndagen.

Gutten var fast bestemt på å svømam alle. Det var ikkje snakk om å trekkje seg frå noko som helst då han hadde kome til alle finalene. Då søndagen var over hadde han svømd inn til heile 17 medaljeplassar. 9 av desse 1. plassar, 4 2. plassar og 4 3. plassar.

Han tok ca 12 peronlege rekordar inkludert pers. på pers i finalane… Det største for Didrik sin del var 100 crawl finalen. Denne finalen var den siste av alle dei 17 distansane han svømde i helga. Han var trøtt og sliten før han vart ropt opp til den siste distansen, men dette var tydelegvis gløymt då starten gjekk. Han svømde rett opp i teten og gav seg ikkje før han kom inn til en klar 1. plass i lag med ny fin rekord på tida 58,97. No er det full trening med Stord Symjing til sesongens siste stemne som er i 50 meters bassenget i Bergen og AdO Cup 2019 den 14-16. juni.

Resultat

Didrik Gudding – Forsøk

50m Fri – 27,15 (1.plass)

50m Butterfly – 30,47 (2.plass) Pers

200m Fri – 2.09,54 (1.plass) Pers

50m Rygg – 32,03 (1.plass) Pers

200m Medley 2.34,20 (1.plass) Pers

100m Fri – 59,25 (1.plass) Pers

100m Butterfly – 1.09,24 (2.plass) Pers

100m Medley – 1.09,72 (3.plass) Pers

Ida Helen Gudding – Forsøk

50m Fri – 30,21 (9.plass)

200m Fri – 2.34,31 (11.plass)

50m Bryst – 39,77 (8.plass)

100m Fri – 1.08,59 (12.plass)

800m Fri Finale – 11.12,57 (4.plass) Pers

400m Fri Finale – 5.24,46 (3.plass) Pers

Didrik Gudding - Finalar

50m Fri – 27,29 (3.plass)

50m Butterfly – 30,38 (3.plass) Pers

200m Fri – 2.09,04 (1.plass) Pers

50m Rygg – 31,88 (2.plass) Pers

200 Medley – 2.33,48 (1.plass) Pers

100m Butterfly – 1.09,59 (3.plass)

100m Medley - 1.10,34 (2.plass)

100m Fri – 58,97 (1.plass) Pers


Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags