Trio-symjarar til Landsdels Årsklassemønstring 2019

Andri og Brynjar.

Andri og Brynjar. Foto:

Av
DEL

Ditt KvinnheradKvart år organiserer Norges svømmeforbund Låmø, eit tredagars landsdelsstemne der ein konkurrerer i øvingane 400m fri, 100m

butterfly, 200m bryst, 200m rygg og 200m medley.

For å kunne delta på Låmø Vest må ein kvalifisera seg, og berre dei 24 beste i kvar årsklasse frå Rogaland, Hordaland og Sogn får vera med. Låmø Vest vart i år arrangert på Karmøy frå 15. til 17. mars.

IL Trio symjegruppe stilte med to utøvarar, Andri Thorir Sigthorson i 13-årsklassen og Brynjar Vigrestad i 16-årsklassen.

Stemnet starta høgtidleg med opningsseremoni og talar bl.a. frå Karmøy sin ordførar.

Medielinja til Karmøy vidaregåande filma heile stemnet som ein kunne sjå på Youtube.

Dei 30 beste i årsklassane 13–16 år kvalifiserer seg direkte til Noregsmeisterskapet. Brynjar som er siste års kandidat enda som nummer

43 i landet og nådde difor ikkje heilt opp. Andri har framleis fleire sjansar og satsar på å kvalifisera seg for Låmø også i 2020.

Il Trio symjegruppe er svært nøgd med Brynjar og Andri sin innsats på dette prestisjefylte stemnet som enda med personlege rekordar i alle fullførte øvingar.


Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags