Søndag 20. august opnar Halsnøy Kloster endå ei utstilling som resultat av kunstnaropphald på staden, eller «Artist in residence» som slike inspirasjonsopphald gjerne blir kalla. Dette går fram av ei pressemelding frå klosteret.

Florence D'elle (Belgia), Benjamin Barda (Frankrike) og Robert Carter (England) var på klosteret i august/september i fjor. Ifølgje pressemeldinga var det heilt frå starten tydeleg at dei tre kom til å jobba forskjellig. D'elle og Barta kom fullpakka med bil og takboks full av utstyr, medan Carter kom på sykkel frå Bergen med ein liten sekk på ryggen.

D'elle og Barda vil vera til stades ved opninga. Utstillinga står til 17. september.

«Opprinnelsen»

Florence D'elle byrja med foto i 2010. Sidan 2015 har ho utelukkande jobba med 1800-talsteknikkar med eksponering på store metallplater. Pressemeldinga seier det slik: «Desse svært langsame prosessane betyr mykje for henne, og vart ein ny måte for henne å fortelje si historie på».

Sjølv seier D'elle følgjande om opphaldet: «Det var ei kjensle av å vera tilbake til byrjinga, til skapelsesaugneblinken. Stille, mystikk, tre, lys, ei intuitiv kopling til staden si historie, noko som ikkje let seg fatta, ei verd fylt med venleik og overjordisk ro».

Resultatet er ifølgje pressemeldinga ei fri tolking av ein norsk versjon av Tristan og Isolde, som D'elle kalla «Opprinnelsen». Ei jakt etter kjærleik og æve.

Døgnvill

Benjamin Barda: Etter studium i antropologi, gjennomførte han dei første fotografiske prosjekta sine i Mosambik og Burundi. Deretter arbeidde han som journalist, men sidan 2009 har han arbeidd med fotografi. Hovudtema for arbeida hans er ubalanse, fart og vertigo. Dei siste åra har han ifølgje pressemeldinga fokusert på tema som galskap, endra medvitstilstandar, og samanheng mellom tap av kontroll, transeliknande tilstandar og fotografi:

«På Halsnøy arbeidde Benjamin heilt utan filter. Alle tankar og idear vart utprøvde, alle møte med natur og folk vart ein del av prosjektet hans. Han reflekterte seg gjennom den blå timen, han svømte i kald sjø, han følgde dyrespor, han utforska skogen om natta. Gjennom bilda fann han mellom anna ein komet, og han gjenoppdaga fotografiet som ein spegel av sjølvet. Han vart fascinert av Halsnøy, av klosteret, han opplevde det som ein magisk stad, lada med energi. Serien har han kalla «Døgnvill», og den er ein hyllest til dei sterke kjenslene han opplevde på Halsnøy».


Flåttfjerning

Robert Carter er bilde- og ordkunstnar frå Manchester, England. Han vart mellom anna utdanna ved Bergen kunstakademi i 2020, og bur og arbeider no i Oslo. Pressemeldinga fortel vidare at han uttrykkjer seg gjennom video, trykk, foto og ord, og går inn i temaet arbeid, både kjenslemessig, kunstnarleg og i forhold til klasse. Avgangsarbeidet hans frå Bergen, kortfilmen «Notes on Dad», var med på Haustutstillinga i 2022, og Vestlandsutstillinga i 2023.

Carter sine verk vert stilte ut under tittelen «Pulling Tics»:

«Verka kombinerer trykketeknikk med collage og maling. Han definerer det som ein slags «ny dekorasjonisme», og verka lagar ei line mellom ornament og abstraksjon. Her er ei blanding av fotografi han har funne, collage og Robert sine originalteikningar inspirert av arkitekturen og interiøret på klosteret. Viktige element som «The Well» (brønnen), og eit bein utan kropp – men som har på seg ein designarsandal med froskemotiv – utgjer bakgrunn og hovudkarakter i eit skodespel som ikkje er skrive enno. Tittelen «Pulling Ticks» kan omsetjast med flåttfjerning, men kan òg ha andre tydingar».