Ber ordføraren gjera greie for vasskvaliteten i kommunen

DEL

Framfor kommunestyremøtet torsdag stiller gruppeleiaren i SF, Hege Lægreid Røssland, spørsmål til ordføraren om risikovurderinga av vatnet vårt.

«Høg kvalitet på vassforsyning og vasskvalitet er ein føresetnad for liv og helse. Det har dessverre vore alvorlege hendingar knytt til drikkevareforsyninga i Hordaland dei siste veke. Kvinnherad kommune har ein kompetent organisasjon og truleg gode planar som skal sikra oppgradering av vassverka i kommunen, og dermed god vasskvalitet til innbyggjarane. Det er fleire private vassverk i kommunen i tillegg til dei kommunale», skriv Røssland i brevet til ordføraren.

Dei konkrete spørsmåla hennar ser slik ut:

- Kan ordføraren gjera greie for korleis stoda er på vassverka i kommunen, inkludert dei private?

- Er det risiko i dag knytt til vasskvalitet?

- Er det tilstrekkeleg innsats i plan for oppgradering med tanke på å unngå risiko for helseskade?

- Er det eventuelt trong for revidering av plan og budsjett for å redusera eller eliminera denne risikoen?

Lægreid ber ordføraren gjer greie for dette i kommunestyremøtet torsdag denne veka.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags