– Vi beklagar, seier Irene Engelsen og Rune Hanssen i Taxi Kvinnherad til kundane om nedstenging som må koma om det ikkje dukkar opp fleire sjåførar som vil køyra helg.

– Vi vil halda ope i festivalhelger, men utanom det må vi først og fremst ta grep for å vareta helsa til sjåførane våre, for dette går ikkje lenger, seier Engelsen.

Denne saka er i ferd med å bli ein gammal gjengangar i media, og nyleg uttalte Irene Engelsen seg til Bergens Tidende i saka. Ho er ikkje åleine om å kjenna sjåførkrisa på kroppen.

Bergen Taxi manglar 110 sjåførar. Norgestaxi manglar 50. Tor Anders Hauge er styreleiar i Norges Taxiforbund og seier til BT at folk er fortvila i heile landet.

«Vi får ikkje nok bilar på vegane. Om vi ikkje får ei rask løysing, er eg redd for at sentralar vil bli stengde ned», seier han.

Taxi Kvinnherad har lenge prøvd å rekruttera til selskapet, også gjennom NAV. Irene Engelsen er ikkje i tvil om at saka må løysast politisk.

– Politikarane har lagt opp til dette ved at det er gjort mykje vanskelegare å få køyresetel i dag, seier ho og viser til at ein må til ny oppkøyring ved Statens vegvesen.

For tida er det fleire månadar ventetid på å få køyra opp til drosjesjåføreksamen, eller taxilappen som det vert kalla. Etterpå er det fire vekers ventetid for å få køyresetel hos Vest politidistrikt.

– Dette kostar pengar, og det tek for lang tid. Folk finn seg andre ting å gjera i staden, seier Irene Engelsen.

Ho trivest godt med arbeidet sitt, og meiner mange andre òg godt kunne det.

Statsråden svarar

Før reforma i 2020 var det nok å ta kurs i regi av drosjeselskapet før ein søkte politiet om køyresetel. Det er brei semje om at det er eit gode for både næringa og kundane med betre opplæring, men kva hjelper det om drosjen aldri kjem?

I slutten av juni stilte stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) skriftleg spørsmål til statsråd Jon-Ivar Nygård om saka. Ho viste til lange køar hos vegvesenet, og at det kan gå fleire månadar frå ein ber om å få ta taxilappen til ein har køyresetel i handa.

Eskeland minna om travle sommarmånadar som kjem, og føreslo ei løysing der ein kan søkja om køyresetel før ein har hatt oppkøyring.

Nygård svara, saman med justisministeren, at dette er noko dei vil vurdera nærmare.

Nygård viste òg til at vegvesenet og drosjenæringa oppfatta situasjonen noko ulikt, og at sjåførmangelen ikkje berre skuldast testkapasiteten hos vegvesenet. Han sa vidare at departementet følgjer med på utviklinga i drosjenæringa og vil ha fokus på å leggja til rette for gode vilkår.

«Elles vil eg nemne at Regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå heilskapleg på det framtidige drosjeregelverket. Utvalet har oppstart til hausten og vil levere sin rapport eitt år etter oppstart, altså hausten 2023», seier samferdsleministeren i svaret datert 1. juli 2022.