Flinke ungdommar rydda strandsona på Halsnøy

27. april 2017, kl. 19:00

Denne veka har mange frivillige teke ansvar og rydda bos i strandsona på Halsnøy. Aksjonen er eit samarbeid mellom fleire, blant anna Halsnøy idrettslag, skulane Halsnøy, Øyatun og Sunnhordland Folkehøgskule, SIM, Alsaker Fjordbruk og andre som vil ta i eit tak for miljøet. Vi møtte ein av dugnadsgjengane, elevar frå Halsnøy skule, på Setersnes. Dei var overraska over mengdene med plast som låg strødd langs dei idylliske strendene. – Det er ei skam. Vi må skjerpa oss! oppmoda dei. Les saka i Kvinnheringen i morgon, og sjå bildeserie frå ryddedugnaden her!