Gå til sidens hovedinnhold

SIM treng fleire hender til strandrydding

Artikkelen er over 3 år gammel

Øyvind Dale er tilsett som prosjektleiar i SIM, med mål om å ta tak i strandrydding i Sunnhordland. Han er godt i gang, men treng fleire hender for at det skal bli skikkeleg fart i ryddinga.

– Kvalen som stranda på Sotra i vinter fekk mykje merksemd og fleire fekk då verkeleg augo opp for problemet rundt marin forsøpling. Det er veldig bra, og i Sunnhordland har mange gjort ein innsats for å rydda strender. I SIM sitt område har vi registrert over 100 aksjonar hittil i år, og vi håpar vi kan leggja til rette for fleire, uttalar Janne Hillerøy, plan- og kommunikasjonsansvarleg i SIM, i ei pressemelding.

SIM fekk prosjektmidlar frå Miljødirektoratet i juli, og det er for desse midlane Dale er tilsett. Han skal vera med å organisera ryddearbeid, og hjelpa til dersom folk har innspel eller treng hjelp i samband med strandrydding. Lag og organisasjonar vert oppmoda om å ta kontakt dersom dei ønskjer å vera med i dette samfunnsnyttige ryddearbeidet.

Kommentarer til denne saken