Laurdag bretta omlag 12 personar opp ermane for å gjera samfunnshuset i Rosendal presentabelt til syttande. Denne gongen var det uteområdet som fekk ein omgang med spadar, hakker, river og musklar.

– Det nye taket har inspirert oss til å gjera det fint elles òg, fortel dug-nadsgjengen med styreleiar Trygve Torjusen og dugnadssjef Helge Furdal i spissen.

Laurdag vart det reinska i bedd, fjerna mose, skit og ugras på asfalten, retta opp kantsteinar ved innkøyringa til parkeringsplassen og i heile tatt gjort det reint og fint rundt huset.  

Vi spør styreleiar Torjusen om han er fornøgd med innsatsen.

– Absolutt. Jobben viser godt igjen. Sjølvsagt kunne vi ønskt at fleire stilte opp til innsats for storstova i bygda, men vi klagar slett ikkje. At dugnaden kolliderte med Baroniløpet er nok litt av forklaringa på at ikkje fleire kom til oss, trur Torjusen.