Du får ikkje bonustap eller eigenandel ved påkøyrsle av dyr

MELD FRÅ: Dersom ulukka har vore ute må du melda frå. Forsikringsselskapet Gjensidige minner om at dyrepåkøyrsle ikkje fører til bonustap eller eigenandel på forsikringa. (Arkivfoto).

MELD FRÅ: Dersom ulukka har vore ute må du melda frå. Forsikringsselskapet Gjensidige minner om at dyrepåkøyrsle ikkje fører til bonustap eller eigenandel på forsikringa. (Arkivfoto).

DEL

Les også: Hjort måtte bøta med livet

Forsikringsselskapet Gjensidige minner i ei pressemelding om at bilistar ikkje tener noko på å ikkje melda frå dersom ein har vore uheldig og køyrd på eit dyr, enten det er husdyr eller vilt. Ein risikerer korkje bonustap eller eigenandel på forsikringa.

Ein har plikt til å melda frå om påkøyrsle av dyr. Å etterlata skadde dyr er straffbart.

Dette skal du gjera dersom du køyrer på eit dyr:

· Stopp og observer dyret

· Dersom dyret er daudt, prøv å få det ut av vegen, eller sett opp varseltrekant

· Dersom dyret er skadd, vurder skaden og prøv å sjå kor dyret går. Ikkje følg etter.

· Meld frå til eigar, viltnemda i kommunen eller politiet. Om ulukka er ute i nærområdet skal ein ringe Kvinnherad Ettersøkslag på telefonnummer 480 07 327.

· Dersom det ikkje er mobildekning på staden, merk skadestaden og ring og meld frå når du har mobildekning.

Artikkeltags