Gå til sidens hovedinnhold

Anita har Norges finaste svarte elghund

Artikkelen er over 3 år gammel

I helga blei det arrangert ei stor utstilling på Voss der over 100 svarte elghundar konkurrerte. Best av alle vart hunden «Børvelia’s Pippi», eigd av Anita Lie og Lars Johan Ekeland.

Dei siste ti åra har Hordaland Elghundklubb arrangert hundeutstilling i Uskedalen for elghundrasane. For eit par år sidan vart det bestemt at ein i 2018 ville prøva å få til ei større utstilling, og ei «svarthundsamling» vart planlagt. For å prøva å samle enno fleire hundar enn tidlegare, vart det bestemt at treffet skulle vera på Voss i år. «Norsk Elghund Svart» er ein norsk hunderase, og det høgaste talet hundar som har vore samla til ei utstilling tidligare er 61. Målet i år var såleis å slå denne rekorden, noko som blei gjort til gangs.

Utstillinga på Voss var ei dobbelutstilling der over 100 svarthundar vart bedømt på laurdagen og rundt 80 blei bedømt på søndagen. Sidan dette er ein norsk rase er ikkje dette bare Norges, men verdas største utstilling for denne rasen. Hannhundane vart bedømt av Anne L. Buvik frå Fredrikstad på laurdagen, medan Arild Berget frå Trysil dømte tispene, og så bytta dei gruppe på søndagen.

Storeslem til Kvinnherad

Svarthundrasen står som kjent sterkt i Kvinnherad, og åtte hundar deltok herfrå. Leiv Trygve Varanes hadde med to tisper, Vidar Hellås hadde to hannhundar, Jan Tommy Skår Kalsås hadde med éin hannhund, Lars Henrik Skogtun éi tispe, Robert Mehl éin hannhund og Anita Lie og Lars Johan Ekeland hadde med seg éi tispe. Alle oppnådde flotte resultat med hundane sine og det skulle visa seg at det blei storeslem til Kvinnherad. Tispa «Børvelia`s Pippi» til Anita Lie og Lars Johan Ekeland blei best av samtlege hundar, både laurdagen og søndagen.

– Dette hadde eg ikkje i min villaste fantasi drøymt om, sa Anita etter utstillinga.

Tispa har gjort det godt på utstilling tidlegare, og vart kåra til årets hund i Hordaland Elghundklubb i fjor, men at den skulle stikka av med sigeren begge dagar er heilt uverkeleg. Her var alt av topphundar samla, to- og firbeinte frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør. Arrangementet som har fått mykje ros, var i år eit samarbeid mellom Hordaland Elghundklubb og avlsrådet for svart elghund. Laurdagskvelden var det samling på Løno med føredrag og sjølvsagt smalahovud på menyen. Alle hundar på utstillinga vart fotograferte, og i etterkant blir det laga ei bok frå det flotte treffet på Voss. Frå Kvinnherad har åtte-ti personar vore svært engasjerte med mykje dugnadsarbeid, så det var ekstra stas når beste hund kom herfrå. Det er store sjansar for at utstillinga vender tilbake til Kvinnherad i 2019.

Kommentarer til denne saken