Her eglar skjora ørna

Skjora i venstre bildekant blei lita i forhold til den store havørna med eit vengjespenn på opptil 2,4 meter. Foto: Øystein Enæs.

Skjora i venstre bildekant blei lita i forhold til den store havørna med eit vengjespenn på opptil 2,4 meter. Foto: Øystein Enæs.

Ei havørn sette seg i treet like ved stova til Marit og Øystein Enæs i Uskedalen.

DEL

Det skriv Uskedalen.no.

Ørna bytte plass mellom to tre, og sat der i rundt 40 minutt. Som bildet ovanfor viser, var ei skjor borte og egla den store fuglen, noko som ikkje er uavanleg i kampen om mat.

Ei årsak til at ørna kom så tett på hus og folk, er at det ofte om vinteren er vanskeleg å finna fisk. Ein annan grunn kan vera at det ligg åtsel i nærleiken, til dømes ein daud hjort, fortel ørnefotograf Sigve Solheim til nettstaden.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags