Då underteikna kom svingande inn i tunet etter endt arbeidsdag, var det eit sjeldant syn som møtte frontlyktene på bilen. I vegen sat nemleg det som seinare viste seg å vera ein hønsehauk – Accipiter Gentilis blant vener – ein art som er på den norske raudlista. Den fjørkledde gav ikkje bilen stor merksemd, og fotografen kom heile 1,5 meter ifrå før fuglen oppdaga «paparazzien» og tok vingene fatt. Hauken blei fotfølgd ein runde rundt hagen og fekk dermed kjenna på journalistikkens innpåslitne vesen ei lita stund, før den til slutt forsvann i skogen. For journalistar «væpna til tenna» med ornitologisk kunnskap frå Wikipedia såg det ut som ein hofugl. Observasjonar av hønsehauk vert sett på som eit teikn på at det er godt med vilt i skogen, så det manglar visst ikkje på høne i Omvikdalen, hø hø.