Ikkje lett å vera andemor i sentrumstrafikken

Andemor losa ungane trygt over vegen mellom Lonabrotet og Coop, nesten på fotgjengarfeltet.

Andemor losa ungane trygt over vegen mellom Lonabrotet og Coop, nesten på fotgjengarfeltet.

Artikkelen er over 2 år gammel

Å vera mjuk trafikant i Husnes sentrum veit dei fleste at kan vera ei utfordring. Er du i tillegg ei and med ti ungar på slep skal det godt gjerast å få alle fram til målet heilskinna.

DEL

I agurknytt-avdelinga serverer vi i dag ei lita historie for dei dyreglade. Ei and med heile ti små andungar prøvde å manøvrera seg i trafikken, frå Lonabrotet og bort mot Coop Extra, like før klokka 13. Kor dei skulle veit vi ikkje heilt sikkert, men kanskje var følgjet på veg til sjøen nedanfor gamleskulen på Husnes? Dessverre veit vi heller ikkje om dei kom seg heilskinna fram, men vi håpar og trur at både menneske og bilar viste omsyn, og at andemor passa godt på ungane sine på den farefulle ferda.

Ei stund såg det ut som andemor og ungane hennar var på veg inn på Coop Extra, men folk og bilar skremte dei i ei anna retning.

Ei stund såg det ut som andemor og ungane hennar var på veg inn på Coop Extra, men folk og bilar skremte dei i ei anna retning.

Artikkeltags