Skal det vera ei krabbe(vaffel)kake?

Denne krabben hadde med seg tilbehør - eit gammalt vaffeljern! (Foto: Privat).

Denne krabben hadde med seg tilbehør - eit gammalt vaffeljern! (Foto: Privat).

Artikkelen er over 4 år gammel

Sverre Røssland måtte flira då han såg kva han hadde fått i garnet sitt.

DEL

Røssland set garn så ofte han kan, og laurdag var han ute for å trekkja eitt han hadde sett ved Storholm mellom Kaldestad og Røsslandsvikjo. Men denne gongen fekk han ikkje berre mat i form av krabbe i garnet - han fekk til og med kjøkenutstyr med på fangsten! Opp av sjøen kom nemleg ein krabbe som tviheldt på eit gammalt vaffeljern. Kanskje såg krabben for seg denne oppskrifta?Røssland innrømmer at dette er noko av det sprøaste og artigaste han nokosinne har fått i garnet. 

Artikkeltags