Gå til sidens hovedinnhold

«Eg ekje så trur som du full eg e asså» og andre sitat – sjekk ut eit knippe av årets russekort i denne bildeserien!

Som i fjor, på grunn av korona-pandemien, har ikkje russen fått hatt den russetida dei drøymte om. Likevel har dei gjort det beste ut av det, og det skal dei ha all ros for! Og her har vi fått tak i eit godt knippe russekort frå årets russekull i Kvinnherad, med god hjelp av ein innside-kontakt. PS1: Viss du er spesielt hårsår, eller ikkje toler litt friskt språk som til dømes banning, føreslår vi at du ikkje ser gjennom bilda. Russen er tradisjonelt litt frigjort, og sidan dei er (eller snart blir) myndige, er det opp til kvar enkelt kva dei vil ha på russekortet sitt. PS 2: Om du kjenner ein russ du ikkje finn russekortet til her, så er det sannsynlegvis fordi vedkommande ikkje ville ha det med i denne bildeserien, eller fordi han eller ho rett og slett ikkje har russekort.