Det siste året har kommunen vår blitt heim til nye innbyggjarar, og du har kanskje sett fleire og fleire ukjende ansikt. I denne serien har Kvinnheringen snakka med nokre ukrainarar som har slått seg ned i Kvinnherad, for at vi og du skal bli betre kjent med dei. Dei er våre nye naboar, elevar, kollegaer, og kanskje framtidige venner!
– Dottera mi er gift med ein norsk mann, og eg og mannen min har besøkt dei kvart år sidan 2014. Då var vi på Sunde i rundt ein månad i slengen kvar gong, derfor er ikkje Kvinnherad ein heilt ny plass for oss.
Olena og mannen hennar Vasyl bur på Husnes no. Dei kjem frå ein historisk by kalla Tsjernihiv nord i Ukraina.
– Vi ville ikkje dra derfrå, men dottera vår overtalte oss, for det var farleg å bli i Tsjernihiv. Det var den tiande dagen av krigen. Byen var fullstendig omringa. Vi tok berre med oss to ryggsekkar, og skulle forlata byen med syklar. Men så dukka venninna mi opp med ein bil, og vi køyrde av garde saman.
Olena og mannen hennar reiste langt, over Ukraina til Polen, og tok deretter eit fly frå Polen til Oslo og frå Oslo til Stord, kor dei møtte dottera si.
– Det var ein stressande situasjon generelt, men det er ikkje vanskeleg for oss å vera i utlandet, fordi vi har reist mykje tidlegare. I tillegg møtte vi mange snille menneske på vegen som støtta oss og prøvde å hjelpa. Til dømes nekta ein taxisjåfør i Polen å ta pengar frå oss, då han fann ut at vi er frå Ukraina.
Livet før flytting
Olena er pensjonist.Tidlegare jobba ho i ei bedrift som produserer utstyr for utvinning og raffinering av vegetabliske oljer. Ho har utdanninga som kjemiingeniør og var leiar for eit lite laboratorium i bedrifta. Dei siste åra før ho pensjonerte seg, jobba Olena med sertifiserings- og miljøspørsmål. Men ho er ikkje berre ein kvalifisert spesialist, ho er også ein allsidig person med mange forskjellige interesser.
– Eg song i kor og tok vokaltimar. Eg har prøvd å synga i eit norsk kor òg, men eit nytt språk og nye melodiar var for vanskelege for meg. Om sommaren pleidde eg og mannen min å sykla langs elva i Tsjernihiv kvar dag. Vi budde i vårt eiget hus med hage, kor eg dyrka blomar og frukttre. Eg har alltid teke vare på helsa mi. Eg er engasjert i hirudoterapi (behandling med igler), og eg likar massasje og å ta badstove. Psykologi er også hobbyen min. Eg likar å lesa bøker om dette emnet, og eg har deltatt på ulike seminar om psykologi.
– Kva tenker du om livet i Norge?
– Vi er veldig fornøgde. Norge har ein fantastisk natur og vi bur på ein skikkeleg vakker plass. Det er alltid interessant å sjå på Onarheimsvatnet, der det er svanar og andre fuglar. Det einaste som var litt plagsamt, var at i fjor vår klekte måkar ungar og skreik mykje kvar dag klokka 3-4 om natta, så vi ikkje fekk sova, ler Olena oppgitt.
– Men eg synest at dette er ein av den vakreste plassane i Kvinnherad, ved vatnet. Eg går ikkje på tur til høgfjell, men eg likar Bremstølen.
– Det er eit herleg liv!
Olena fører ein aktiv livsstil. Ho går på norskkurs fire dagar i veka. Olena fortel at fritida hennar er annleis enn den var før.
– Det er meir natur i liva våre no. Vi spaserer mykje og syklar kvar dag om sommaren, plukkar bær og sopp. Mannen min planta tre alperoser rett ved huset kor vi bur. Eg likar å gå på konsertar, men mest med klassisk musikk eller folkemusikk. Det er viktig for meg å vera saman med barnebarna mine. Vi går til varmebassenget saman fleire gonger i veka.
– Kva er dei største forskjellane på Norge og Ukraina?
– Smaken på frukt og grønsaker, til dømes. Ukraina har meir sol, derfor er nesten alt lokalprodusert. Ukrainsk frukt og grønsaker smakar meir, synest eg, men når det kjem til kjøt- og meieriprodukt liker eg best dei norske. Eg synest òg at vatnet her er godt og veldig reint. Klimaa er også forskjellige. Sjølv om vi forventa ein surare og kaldare norske vinter, var det mange solskinsdagar.
Olena har vore i Norge mange gonger, og blei alltid positivt overraska over folk sin tillit til kvarandre.
– For eksempel på eit gartneri, så kan du berre koma inn, ta det du treng og la pengar liggja igjen, sjølv om det ikkje er personale til stades. Det er også imponerande at det finst mange gratis klubbar og aktivitetar (til dømes BUA). Men det beste med Norge at vi føler oss trygge og komfortable. Kvar morgon spør eg og mannen min kvarandre «Likar du livet ditt?», og vi svarer begge «Ja, veldig. Det er eit herleg liv!».
– Så du har ikkje plan om å returnera til Ukraina etter at krigen er over?
– Nei, det blir ikkje det Ukraina som vi har budd i før krigen. Dessutan har vi ikkje familien vår der. Dottera vår bur i Norge, og sonen med familien sin bur i Spania. Han besøkte oss i fjor og merka at Norge er eit greitt land å bu i og har ei god støtte til innvandrarar.
– Eg vil forstå barnebarna mine betre
Olena har fortald mange om dei kjekke, norske lærarane på Vaksenopplæringa på Husnes. Ho trur også at kanskje det er litt lettare for ukrainarar å læra seg norsk, enn innvandrarar frå andre land. For Ukraina og Norge har mange liknande bokstavar, lydar og ord.
– Eg heng i for å læra norsk språk og vil forstå nordmenn – på den måten vill eg takka for gjestfridomen og sjenerøsiteten deira. Men den viktigaste motivasjonen min er at eg vil forstå barnebarna mine betre. Eg har to barnebarn, ei jente på 8 år og ein gutt som er 6 år gammal. Dei vart fødde i Norge, så faktisk snakkar vi to forskjellige språk i kvardagen. No lærer vi kvarandre, og eg vil bli tettare med barnebarna mine, derfor prøver eg å praktisera norsk heile tida og bruker det i alle moglege situasjonar: I butikken, med naboar, på BUA, på biblioteket, på konsertar. Eg låner barnebøker frå biblioteket for å forbetra norsken min. Eg las dei til barnebarnet mitt, men han sa at den norsken som er interessant for meg er for kjedeleg for han! ler Olena.
– Først var det litt skummelt å snakka norsk, fordi eg var usikker på kva eg kunne. Men no er det spennande og interessant for meg! Eg har omsett ein anekdote til norsk og likar å fortelja den, viss det er ein passande situasjon.
– Har du fått nokre nye vener i Norge?
– Den beste venen min er mannen min, og eg har familien min her òg. Og dei er det viktigaste sosiale miljøet for meg. Men eg har også fått nokre nye kjende. For eksempel ei ukrainsk dame som heiter Nataliia, vi trener saman nesten kvar dag og spaserer ofte saman. Også nabodama mi, Margunn, er ein kommunikativ, positiv og aktiv person. Av og til er eg på besøk hos ho, og Margunn hjelper meg med heimelekser frå norskkurset. Eg er så takksam! Vi går òg på konsertar saman. Ein gong var det lotteri med firesifra tal og då var eg veldig glad at eg hadde Margunn med meg, ler Olena.
Som ein bonus til slutt tar vi med nokre vitsar frå Olena:
– Eg likar å gjenta det franske uttrykket «Betre med rynker i ansiktet, enn rynker på strømpene».
Før jul kjem ein liten gut heim frå barnehagen med skrammer i ansiktet.
– Kvifor har du skrammer i ansiktet?
– Vi har gått rundt juletreet.
– Og?
– Runden rundt treet var liten, men juletreet var stort.