Det siste året har kommunen vår blitt heim til nye innbyggjarar, og du har kanskje sett fleire og fleire ukjende ansikt. I denne serien har Kvinnheringen snakka med nokre ukrainarar som har slått seg ned i Kvinnherad, for at vi og du skal bli betre kjent med dei. Dei er våre nye naboar, elevar, kollegaer, og kanskje framtidige venner!

– Kusina mi Nataliia kom til Kvinnherad først, med familien sin. Ho har fortald om ei hjarteleg mottaking frå nordmenn og korleis dei bur her, og derfor bestemte vi oss for å koma hit vi òg. Eg ville eigentleg ikkje gi meg i veg med to små barn, men på grunn av krigen mista eg jobben, og det var farleg å bli verande i Ukraina. Eg trudde vi berre skulle reisa i eit par månadar, men vi har snart budd eitt år i Norge. Mannen min blei igjen i Ukraina, fordi han meldte seg som frivillig og ville hjelpa til med ulike oppgåver som hæren har behov for. Den eldste sonen min er òg i militæret, men han er soldat. Eg saknar familien og slektningane mine og livet mitt i Ukraina, men eg forstår at vi bør bli her til situasjonen blir betre.

– Korleis kom du deg til Norge?

– Eg kom med storesøstera mi Olena og sønene mine på 6 og 9 år. Vi reiste frå Polen til Råde med ein buss som blei sett opp av eit kyrkjesamfunn frå Kristiansand. Vi hadde hyggjeleg reiseselskap og dei frivillige hjelpte oss med barna heile tida. Så oppheldt vi oss i ei vekes tid på ein flyktning­leir i Råde. Deretter fekk vi leiligheit på Husnes, og det var så deilig å endeleg få kvila seg!

Livet går vidare

Som dei fleste ukrainarar, har Lesia blitt ein deltakar av introduksjonsprogrammet etter at ho kom til Kvinnherad. Ho lærer norsk språk og har språkpraksis på Sport Outlet Husnes.

– Eg har forstått at butikken er ein av dei beste sosiale plattformene! Her kan eg møta mange innbyggjarar på Husnes på éin dag! ler Lesia.

– Eg likar å treffa dei som eg kjenner og slå av ein småprat. Av den grunn kan eg seia at eit nytt samfunn allereie er bygd. Eg har fått mange gode kjende blant nordmenn, ukrainarar og dei som har gifta seg med nordmenn og flytta hit tidlegare frå forskjellige land.

– Då bruker du norsk, eller?

– Eg prøver å bruka norsk språk i alle kvardagssituasjonar: Hos legen, i butikkar, og på skulen kor barna mine går. Då eg kom til Norge, måtte eg minnast engelsk frå skuletida mi for å kommunisera med andre, men no skuva norsk vekk alt engelsk frå hovudet mitt.

– Korleis har barna dine det her i Norge?

– Dei saknar far sin og heimen vår, men på den andre sida ser eg at dei har blitt vande med å bu her. Gutane mine går på skulen på Husnes der dei har fått nye venner, og no veit eg ikkje korleis vi skal gå tilbake til tidlegare livsrytme.

Lesia og familien hennar er frå hovudstaden i Ukraina, Kyiv, kor dei alltid har budd. Ho har fortald Kvinnheringen om korleis livet er i ein så stor by:

– Tempoet der er sprøtt! Alt skjer skikkeleg fort og derfor er folk alltid ganske urolege og stressa. Dei har ikkje nok moglegheiter til å dvela ved seg sjølv eller helsa si. Her føler eg meg så roleg og avslappa, som ikkje var tilfellet i Ukraina. Sjølv om eg faktisk har same tidsplan og plikter som før, fordi eg er mor til to mindre barn, ler Lesia.

– Og kva dreiv du med før?

– Eg har økonomiutdanning, og har arbeidd som økonomisjef og jobba med personale i ei tryggleiksbedrift i Kyiv. Men no likar eg godt dette formatet på livet i ein liten by, som Husnes er. Det passar så godt for familien vår. Eg er så glad for at eg kan senda barna til skulen eller butikken åleine, og sleppa å vera uroleg for dei. Det betyr mykje for meg.

– Kva saknar du mest frå Ukraina?

– Eg saknar ikkje noko spesielt, eg vil berre heim. Men eg har akseptert situasjonen som den er, og ser ingen vits i å sitja og vera trist. Sidan starten av krigen har det vore mange sorger i livet, og eg vil nyta livet, ikkje bruka dagane mine på å vera fortvila, seier Lesia bestemt.

– Kva gjer du på fritida di i Norge?

– Eg har starta to nye hobbyar i Norge: Å fiska og gå turar. Det er så kult at turar er ei felles interesse, og utruleg at alle gjer det nesten kvar dag, uansett vêr og årstid. Når det gjeld fiske, så prøvde eg dette for første gong i Norge. Eg likar at vi har den mogelegheita til å vera tett på naturen, og at vi fekk høve til å bu i nærleiken av naturen, sjå kor vakker den er kvar dag og pusta frisk luft. Det er mange vakre plassar i Ukraina òg, men ikkje i storbyar, då må du reisa. Her pleier eg og søster mi å sitja ved bordet og sjå på fjella gjennom vindauget i staden for å sjå på TV. Vi observerer korleis utsikta endrar seg med tida på dagen og året eller med vêret, og dette inspirerer oss.

– Når vi snakkar om naturen, kva er den finaste plassen i Kvinnherad, meiner du?

– Det er Rosendal. Eg likar å sitja ved campingplassen der ved sjøen. Atmosfæren er magisk der, fjella gjer eit ekstraordinært inntrykk, og eg kjenner spesielle vibrasjonar i lufta. Lufta minnar meg om is eller dessert, så eg vil smaka den. For meg er Rosendal ein isfest, fortel Lesia drøymande.

– Men barna mine blir skikkeleg bilsjuke, derfor kan eg ikkje ta bussen så ofte og reisa til favorittplassen min.

– Norge og Ukraina har felles røter

– Eg er veldig interessert i historie og historiske bøker. Spesielt den skandinaviske historia, og korleis dei skandinaviske landa er knytte til Ukraina. Fordi vi har felles røter, vil eg seia. Dette har delvis påverka avgjerda mi om å koma til Norge, for det lokka meg mest. Eg visste mykje om historia til Norge, men ikkje om dette moderne samfunnet de har i dag. Eg blei positivt overraska. Menneske, situasjonar – alt var spennande og uventa, fortel Lesia.

Ho seier likevel at det ho blei mest imponert over, var korleis folk bryr seg om skjebnen til Ukraina.

– Det er éin ting når det er på statsnivå, offisielle utsegner og internasjonale relasjonar, men noko heilt anna viss vi snakkar med folk på gata som bryr seg. Folk her er veldig godhjarta og uroa for ukrainarar, og dei vil gi ei reell hjelp. Til dømes kom ei eldre dame til butikken som eg har språkpraksis i, og sa: «Eg vil kjøpa eit ullsett for å senda til Ukraina». Vi er så takksame! Nordmenn har så mykje hjarta for oss, og det betyr mykje for meg.

– Korleis vil du beskriva ukrainarar, og kva er forskjellar på dei og nordmenn?

– Ukrainarar er gode vertar, og dei likar å gjera plassen rundt seg vakker og komfortabel. For eksempel med tradisjonalle broderte handklede og tomater i potter, ler Lesia.

– Folk i Ukraina set stor pris på retten til å ha si eiga meining. Dei likar å ha eigne synspunkt og argumentera for desse, også i saker dei ikkje forstår seg heilt på. Og dei elskar å gi råd, av og til utan å bli spurd om det, fortel Lesia med sjølvironi.

– I heimlandet mitt prøver dei fleste å bli perfeksjonistar. Men eg merka at nordmenn ikkje er så opptekne av andre si meining om seg sjølv. Nordmenn er meir psykisk avslappa og fordomsfrie. Denne erfaringa vil eg ta med meg til Ukraina, seier Lesia sikkert.

– Generelt er ukrainarar greie og velvillige, dersom ingen prøver å ta frå dei rettane og fridommen deira. Dei vil alltid verna det som dei har, som vi ser no, i samband med krigen.

Ifølgje Lesia, har Norge og Ukraina mange like tradisjonar, og mange høgtider blir feira på same måte.

– Eg tenker at folk i Ukraina likar påske best. Men eg var svært imponert over feiringa av jul i Norge. Det var éin månads lang totalferie. I Ukraina er det mange ulike måtar å feira kvar høgtid på, men her forvandlar de alt til eit juleeventyr med ein gong. Vi blei heilt «dyppa» i jul!