Ei rekke avlysingar lokalt etter den nasjonale innstramminga

Den nasjonale innstramminga gjer at mellom anna kultursenteret avlyser førestillingar og arrangement. Det blir òg anbefalt å utsetta fritidsaktivitet innandørs. Her frå Kvinnherad kommune sin koronapressekonferanse i haust.

Den nasjonale innstramminga gjer at mellom anna kultursenteret avlyser førestillingar og arrangement. Det blir òg anbefalt å utsetta fritidsaktivitet innandørs. Her frå Kvinnherad kommune sin koronapressekonferanse i haust. Foto:

Kvinnherad kommune følger dei nasjonale råda og smitteverntiltaka som regjeringa la fram søndag kveld, melder kommunen i ei pressemelding måndag. Den nasjonale innstramminga får konsekvensar for ulike arrangement lokalt.

DEL


Innstramminga gjeld til og med måndag 18. januar.

I Kvinnherad er det ikkje meldt om nye smittetilfelle sidan før jul. Derfor er det i hovudsak dei nasjonale reglane og råda som gjeld, skriv kommunen på heimesida si måndag:

  • Det er innført raudt nivå for ungdomsskule, vidaregåande, vaksenopplæring og folkehøgskule

  • Det er innført skjenkjeforbod

  • Det er tilrådd å unngå private besøk og avgrensa all sosial kontakt. Når det gjeld private besøk av vener og familie på institusjonar, omsorgsbustadar og bufellesskap, vert det sterkt oppmoda om å utsetja desse dei neste 14 dagane. Unntak for naudsynte heimetenester og hos personar som er inne i livets siste fase

  • Det er tilrådd å unngå alle unødvendige reiser i inn- og utland. Hytteopphald med personar frå same husstand er ok

  • Alle som har moglegheit vert tilrådd å ha heimekontor

Dei nasjonale tiltaka får følgande konsekvensar lokalt dei to neste vekene:

  • Kvinnherad kultursenter avlyser alle kinoførestillingar og andre arrangement

  • Ungdomsklubben held stengt

  • Helsetenester med vedtak har ope for éin til éin-tenester, ikkje gruppetimar. Det vert òg konsekvensar for andre kommunale tenester, som t.d. kulturskulen og møteplassen

  • Det vert tilrådd å utsetja alle organiserte innandørs fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar. Dette gjeld også for aktivitetar som samlar born og unge på tvers av klassar/kohortar. Som ein konsekvens av dette vert idrettshallane i Kvinnherad stengde for anna enn skulane sin bruk

  • Oppmodar om bruk av munnbind på offentleg transport og i butikkar og i situasjonar der det ikkje er mogleg å halda meir enn ein meters avstand. Dette gjeld også på skulebussar, men ikkje for born i barneskulealder

Kommunen skriv vidare at testkapasiteten i Kvinnherad er god, og at det er rom for at den kan aukast ved behov. Det blir oppmoda om å ha låg terskel for å gå og testa seg.

Arbeidet med planlegging av vaksinering er i gang og det vil bli lagt ut eigen informasjon om dette, avsluttar kommunen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken