Gå til sidens hovedinnhold

Eide Marine Services melder oppbod

Artikkelen er over 4 år gammel

Eide Marie Services melder at dei dessverre må gå til skifteretten på måndag.

Dermed vil dei tilsette ved hjørnesteinsverksemda på Halsnøy ikkje ha ein jobb å gå til på måndag.

I eit brev til kreditorane, som er sendt ut i ettermiddag, melder Eide Marine Services at dei ikkje har noko anna val enn å gå til skifteretten på måndag.

Den siste tida har det vore arbeidd hardt for å vidareføre verksemda, mellom anna gjennom frivillig gjeldsordning, men dette har ikkje lukkast. Om noko av verksemda vil bli vidareført etter konkursen, så vil bustyrar måtta koma tilbake til dette.

Kvinnheringen har ikkje klart å koma i kontakt med styreleiar Georg Eide fredag ettermiddag.

Avisa har vore i kontakt med fleire av dei tilsette ved Eide Marine Services, men dei har ikkje hatt ønskje om å uttala seg i saka og har vist oss vidare til Georg Eide.

Tidleg i september gjekk Georg Eide ut og fortalde om knalltøffe tider for selskapet. Årsaka var tøffe marknadsforhold og svikt i ordreinngangen. Håpet til verksemda var å koma gjennom dei krevjande tidene, mellom anna med full betalingsstopp i september, men dessverre har dette ikkje gått bra.

Eide Marine Services har ein flåte på rundt 40 fartøy.

Selskapet hadde eit tøft år i 2015, med ein omsetnad på 167 millionar og eit årsresultat på minus 90 millionar kroner.

I Kvinnherad skal det vera rundt 55 personar som står utan jobb og totalt om lag 90 i selskapet.

Trist dag

- Det er ein mørk dag for heile samfunnet i Kvinnherad. Det er ein dramatisk situasjon, og eg tenkjer på alle som står utan arbeid, og familiane deira, som går inn i ei tid med stor uvisse. Eg tenkjer òg på familien Eide som har måtta ta denne vanskelege avgjerda, og det gjer stort inntrykk, seier ordførar Peder Sjo Slettebø.

– Kommunen vil bistå på best mogleg måte, og vi har og informert Nav og bede dei ta hand om dei tilsette på best mogleg måte, seier ordføraren.

- Eidane har opplevd mange opp- og nedturar, og eg er sikker på at dei vil reisa  seg igjen også denne gangen, seier Sjo Slettebø.

Kommentarer til denne saken