Åtte sider om skipet ingen vil ha

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Dagens Næringsliv hadde i Magasinet sitt laurdag via 10 sider om skipet som ingen vil ha, «Tide Harrier». Historia om dette skipet er lang, og det låg ankra opp i Høylandssundet i over 10 år, før det forsvann frå Kvinnherad i februar i år. Skipet kom som dei fleste kjenner til ikkje veldig langt, det hamna i skipsnaud på Jæren.

Etter dette tok politiet arrest i skipet, og det vart ankra opp og låg nokre månader opp utanfor Tysvær. Før sommaren vart det taua vidare til Farsund, der det no ligg til stor bekymring for både lokalbefolkning og politikarar.

Ingen eigar

BergensTidende hadde tidlegare i år ei lengre magasinsak om båten, og akkurat som for Dagens Næringsliv denne gongen, kom ikkje BT til botnars i kven som eigentleg eig skipet. Det er Julia Shipping,som står som eigar formelt, men kven som står bak dette selskapet har ingen funne ut.

Årsaka til arresten av båten, som før heitte «Eide Carrier», er at Miljødirektoratet i Norge trur skipet skulle til opphogging på ei strand i Pakistan.

Dagens Næringsliv har prøvd å få kommentarar frå eigarane, Julia Shipping, utan å lukkast. Avisa skriv av politikarane i Farsund vil ha båten vekk, men at dei ikkje får dette til.

Ordførar Arnt Abrahamsen seier til Dagens Næringsliv at om dei visste at det var dette skipet som var på veg til Farsund ville dei prøvd å stoppa det. Dei vil ikkje ha det liggande i skjærgarden.

Om bord i båten er det framleis eit mannskap på ti indararar, som heller ikkje ønskjer å seia noko anna til Dagens Næringsliv enn at dei har det bra.

Eide Marine Services er også meld til politiet i denne saka, men Georg Eide ønskjer ikkje å kommentera saka til Dagens Næringsliv.

Artikkeltags