Fryktar 60 millionar forsvinn

– Kvinnherad er ein stor kraftkommune og vi er av dei som vil bli hardast råka. Dette gjer meg uroleg, sa Hans Inge Myrvold (t.v.) om at eigedomsskatten frå verk og bruk kan forsvinna.

– Kvinnherad er ein stor kraftkommune og vi er av dei som vil bli hardast råka. Dette gjer meg uroleg, sa Hans Inge Myrvold (t.v.) om at eigedomsskatten frå verk og bruk kan forsvinna.

Artikkelen er over 3 år gammel

Rådmann og politikarar er urolege for at eigedomsskatt til verk og bruk skal forsvinna. Det kan bli dramatisk for Kvinnherad kommune.

DEL

Formannskapsmøtet 12.10.17: Kvinnherad kommune får inn nær 60 millionar kroner i året i eigedomsskatt frå verk og bruk. Rådmannen informerte i formannskapet om at regjeringa held på å fasa ut denne skatten. Odd Ivar Øvregård trudde ikkje det ville skje i 2018, men at det kan skje noko i 2019, med ei nedtrapping over fem år. Noko som vil vera dramatisk for Kvinnherad.

Hans Inge Myrvold (Sp) var meir enn bekymra, og han var redd det alt i 2018 kom til å bli kutt i denne skatten, noko som vil vera svært dramatisk. Han sa at kommunen så snart som mogleg må finna ut av kva som skjer, og samtidig gjera noko for unngå at dette skjer.

– Kvinnherad er ein stor kraftkommune og vi er av dei som vil bli hardast råka. Dette gjer meg uroleg, sa Myrvold.

Stabilt budsjett

Når det gjeld statsbudsjettet som vart lagt fram torsdag, så opplyste rådmannen at lite tyder på at det generelt vil få store konsekvensar i Kvinnherad. Det totale kostnadsbildet var ikkje klart, men Kvinnherad vil faktisk få litt meir pengar enn rekna med, sa Øvregård i formannskapet.

Ein del av midlane kommunen får er øyremerkte, mellom anna til opptrappingsplan for rusarbeid, helsestasjon, dagtilbod til demente og bustadsosiale tiltak.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken