«Den økonomiske situasjonen for Folgefonnsenteret er vanskeleg og likviditetssituasjonen krevjande», skriv kommunedirektøren mellom anna i saksutgreiinga til formannskapet. Direktøren innstiller på at politikarane vedtar å gi 500.000 kroner i eingongsstøtte til senteret. Mellom vilkåra er at senteret snarleg tilset ein ny dagleg leiar.

Direktøren meiner òg det er rett at den 40 prosent-stillinga som reiselivsmedarbeidaren har hatt for Besøkssenter Nasjonalpark Folgefonna, vert overført til ny dagleg leiar i stiftinga. Denne stillinga er støtta av Miljødirektoratet. Skal ein få til dette, må det godkjennast av både styret for Besøkssenteret og Miljødirektoratet.

Vidare meiner kommunedirektøren at reiselivsstillinga vert gjert om frå 60 prosent- til 100 prosent-stilling, og at ny dagleg leiar og reiselivsmedarbeidaren til saman skal utgjera eit dagleg team for drift av Folgefonnsenteret.

«Kommunedirektøren ser det som sannsynleg at kommunen sitt bidrag til drift i fleire år framover vil vera av ein viss storleik, men reknar samstundes med at stiftinga gjer dei grep som er naudsynte for å sikra balanse i drifta innan tre år», skriv Bjerkvik i saksutgreiinga.

Ho avsluttar med å slå eit slag for senteret:

«Senteret har potensiale til å verta eit hjarte i Norge, i Kvinnherad og i Rosendal, sett i lys av den klima- og miljømerksemda som finst i dag».