I tillegg til ein vaksen kranlekter frå Tronds Marine Service, som hadde oppdraget med sjøsettinga, var rundt 20 dugnadsfolk i sving.

– Dei første starta alt i 07-tida, fortel ein glad Jordal.

Kranlekteren kom til Gurinefjæro i 9.40-tida, og rundt klokka 11.30 vart «Gurine» sett på sjøen like utanfor Rosendal sentrum, til jubel og applaus frå mange skodelystne på kaiområdet.

– Alt gjekk heilt strøkent etter planen, og det gjorde det laurdag òg då «Nyesago» vart flytta andre vegen, fortel Jordal.

På kaien fall det mange godord blant folk, og ord som «smykke» og «møbel» gjekk igjen. Andre snakka om at den vakre båten «gjer godt i auga».

«Gurine»-prosjektet har opp gjennom åra fått store summar frå Sparebank1-stiftinga Kvinnherad:

– Vi har fått pengar frå Sparebank1-stiftinga også til sjøsettinga, slik at vi kunne ta oss råd til å leiga kranlekter. Alternativt måtte vi laga til eige opplegg for sjøsetting, noko som ville blitt meir arbeidsamt og risikabelt. Elles fekk vi god hjelp frå Lerøy Sjøtroll som stilte gratis opp med ein oppdrettsbåt som kom heilt frå Førde i Rogaland.

– Korleis hadde du det då du såg skuta i sitt rette element igjen?

– Det har vore ein heilt spesiell dag. Det er ikkje kvar dagen ein sjøset ei hardangerjakt – sist var for hundre år sidan. I og med at eg har leia prosjektet, er det utruleg kjekt å sjå at det er blitt så bra.

– Er skuta tett?

– Så godt som, det kjem litt vatn inn ved ein bolt, men det er heilt ubetydeleg, lensepumpa har ikkje starta enno, sa Jordal ein times tid etter at «Gurine» vart sjøsett.