«Ein omkamp vil setja ferjefri E39 tilbake mange år, og Kvinnherad vil nok ein gong framstå som sin eigen verste fiende»

Av
DEL

MEININGARKvinnherad kommunestyre gjekk til liks med fleire andre kommunar inn for «indre trase» for ferjefri E39 Stord-Os i sin høyringsuttale til val av trase for Hordfast i 2011. I 2013 vedtok regjeringa Solberg likevel at Hordfast skulle byggjast etter «midtre trase» med flytebru mellom Reksteren og Os over Bjørnefjorden. E39 Hordfast er vidare lagt til grunn av Stortinget i NTP. Trasevalet ligg såleis fast. Dette har kommunestyret i ettertid retta seg etter i alle uttalar vedkomande Kvinnherad si tilknyting til E39 Hordfast.

Det vart i 2013 gjort eit forsøk på å ikkje retta seg etter regjeringsvedtaket og å arbeida vidare for indre trase. I kommunestyremøtet den 26.09.13 sette Hans Inge Myrvold (Sp) fram følgjande nytt kulepunkt i sak:

Strategisk plan for Samarbeidsrådet for Sunnhordland 2014-2017 – høyringsuttale.

«Kvinnherad kommune held fast i samarbeid med nærliggande kommunar og tidlegare vedtak om å arbeida vidare for indre trasé».

9 røysta for og 26 imot, og framlegget fall. Det vart i same sak vedteke: «Kryssing lengst mogleg sør».

Kryssing av Langenuen vart etter dette drøfta grundigare, og i vedtak frå Kommunestyret den 19.06.2014 vedkomande kryssing av Langenuen, vart følgjande vedtak gjort samrøystes:

«Kvinnherad kommunestyre krev at kryssing av Langenuen blir i området Hodnanes på Tysnes og Jektevik på Stord. Ei slik plassering er avgjerande for eit framtidig brusamband Kvinnherad E39».

På nyåret i 2015 presenterte Dagfinn Fylkesnes frå Stord heilt nye tankar og visjonar basert på nettopp midtre trase med flytebru over Bjørnefjorden og sørleg kryssing av Langenuen - nemleg eit samband frå E39 Hordfast på Tysnes over Huglo, flytebru over Husnesfjorden og vidare austover i tunnelar eller bru til E134 i Åkrafjorden, Rullestad som me i dag kjenner som Sunnhordlandsdiagonalen.

Næringslivet i kommunane Kvinnherad, Stord og Tysnes tok initiativet til å danna eit aksjeselskap for å fremja fast samband over Husnesfjorden for å binda Sunnhordland saman, og knyta saman E39 med E134. Til dette arbeidet vart det ytt store beløp for å kvalitetssikra ideen gjennom profesjonelle aktørar med erfaring frå arbeid med vegutgreiingar. Visjonane fekk stor tilslutning i etter kvart alle partia, og i junimøtet i 2015 vart dette Kvinnherad sin uttale til sak:

Rapport frå Hordaland fylkeskommune sin moglegheitsstudie for fylkesvegsamband knytt til E39.

Vedtak frå Kommunestyret den 18.06.2015

· Kvinnherad kommunestyre meiner at det framlagte planprogrammet for statleg kommunedelplan E39 Stord-Os gjer god greie for dei alternativ som skal vurderast og dei tema som skal utgreiast. Medverknad i prosessen er også tilfredstillande teke vare på.

· Nytt ferjesamband mellom Klosterneset (Kvinnherad) og Buvika (Stord) vil vera ei høgt prioritert samferdslesak i Kvinnherad. Dette må leggjast til grunn i det vidare arbeidet med kommunedelplanen når det gjeld kryssplassering på Stord.

· Kvinnherad kommune vil også arbeida langsiktig for at det vert ei ferjefri tilknyting til E39 slik det er skissert i prospektet «Sunnhordlandsdiagonalen». For ei slik løysing er det avgjerande at alternativet med kryssing av Langenuen i sør vert valt.

Her la kommunestyret hovudvekt på ei tilknyting med ferjesamband Klosterneset-Buvika på Stord, men underordna og på sikt ei ferjefri tilknyting over Husnesfjorden og Huglo til E39 på Tysnes. Resultatet av denne todelte strategien, blei diverre slik at Kvinnherad med sine 13.200 innbyggjarar ikkje vart teke omsyn til ved val av trase for kryssing av Langenuen, og vart heller ikkje teke med blant kommunane som måtte takast omsyn til med mogleg brutilknyting slik som vart gjort for Austevoll og Fusa. Hadde Kvinnherad snudd om på prioriteringa, hadde kryssing i sør vore sjølvsagt.

I mange år har no næringslivet i Sunnhordland gjennom Sunnhordlandsdiagonalen AS og Sunnhordlandssambandet AS (tidl.Tysnesbrua AS) samarbeida med kommunane i Sunnhordland, finansiert faktagrunnlag gjennom utgreiingar frå Asplan Viak og Norconsult for å få fram trafikale effektar og trafikantnytte for dette unike sambandet som me no kjenner som Sunnfast. Det har vore arbeida koordinert frå svært mange hald både politisk og frå enkeltpersonar og næringsliv opp mot Storting, regjering og fylke for å fremja Sunnhordland sine interesser. No er Multiconsult i gong med ein såkalla forstudie for sambandet som skal vera klar i løpet av september. Studien til ein kostnad av 1.150 mill vert finansiert av Stord 0.25 mill., Tysnes 0,25.mill., Kvinnherad kommune 0,5 mill. og næringslivet gjennom Sunnhordlandsdiagonalen AS med 0,25 mill. Det historiske med denne saka er at kommunane Kvinnherad, Stord og Tysnes gjekk saman for å få utgreidd om det vil vera mogleg teknisk og økonomisk å få bygd eit slikt samband, som vil revolusjonera kommunikasjonane i Sunnhordland og knyta saman regionen til ein mykje større arbeidsmarknad enn slik det er i dag.

I desse dagar kjem innspel frå ulike organ til nasjonal transportplan NTP for 2022-2033. Sist no i fylkesutvalet i Vestland der eit fleirtal gjekk inn for å skyva Hordfast ut av planen. Hordfast, med flytebrua som no er løyst teknisk, ligg allereie inne i NTP, og ein er no i detaljfasen med reguleringsplanane og til og med i arbeid med utarbeiding av kontraktsunderlaget. Vedtaket i fylkesutvalet har ført til sterke reaksjonar blant fleire av Sunnhordlandskommunane.

Sterke reaksjonar har det òg vore på at ordførar Hans Inge Myrvold har signert på eit innspel til NTP frå kommunane i Hardanger og for omkamp for indre trase av E39.

Senterpartiet syner i eit innlegg i lokalavisene til vedtak frå 2011 for å gje heimel til ordføraren si underskriving. Det same gjer Øyvind Hardeland (Ap) i eit innlegg i avisene. Men ordføraren fekk beskjed om å trekkja underskrifta si av formannskapet, og det viser seg at han heller ikkje har heimel i kommunestyrevedtak for underskrifta. ref . kommunestyrevedtaket av 26.09.2013.

Det at det no vert sådd tvil om korleis Kvinnherad kommune stiller seg til Hordfast, kan setja finansieringsgrunnlaget for Sunnfast i spel. Trafikkunderlaget for Sunnfast er basert på midtre trase for Hordfast. Ein indre trasé vil gje lågare trafikkgrunnlag. Det set og samarbeidet i Sunnhordland og støtta til Sunnfast frå dei andre sunnhordlandskommunane på spel. Ein indre trase vil òg setja ein effektiv stoppar for ein framtidig Sunnhordlandsdiagonal over Kvinnherad.

E39 Hordfast vil slik sambandet er planlagt, bli svært godt tenleg for Kvinnherad kommune. Som tidlegare kommuneplanleggjar Kjell O. Nygård heldt fram nyleg, i intervju i Kvinnheringen, vil sambandet over FV49 om Ølve mot Tysnes bli reserveveg for Hordfast, og vegen må difor oppgraderast i standard. Slik får Hatlestrand og Ølve god veg fram til E39 på Uggdal med reisetid Gjermundshamn-Bergen på vel ein time. Han nemner årsdøgntrafikk på 2000. Dette vil kunna oppretthalda regulariteten i Årsnes-sambandet . Difor er det etter hans meining ein vinn-vinn-situasjon med Sunnfast og midtre kryssing med Hordfast. Ein vil til dømes kunna reisa Rosendal-Flesland på ein time og 15 minutt over Sunnfast.

Me vil på det sterkaste oppmoda dei folkevalde i Kvinnherad til å stå fast ved vedtekne planar for E39 Hordfast, og stå saman med resten av Sunnhordland i kampen for å starta bygging straks. Ein omkamp vil setja ferjefri E39 tilbake i mange år, og Kvinnherad vil nok ein gong framstå som sin eigen verste fiende. Me treng meir enn nokon gong å stå saman skal me koma oss ut av den kommunikasjonsmessige bakevja og stansa den destruktive forgubbinga og fråflyttinga.

Sverre Olav Handeland

Håkon Røstbø

Kjell Fylkesnes

Sunnfast og Sunnhordlandsdiagonalen AS

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags