«Einsemd er i ferd med å bli ein av våre største folkesjukdomar, og då er det ekstra viktig med lokalisering nær dei ulike møteplassane og servicetilboda i sentrum»

Av
DEL

MEININGARHelselaga på Løfallstrand, i Rosendal og på Seimsfoss set stor pris på at kommunen no vil setja av areal til eldrebustader i den nye reguleringsplanen for Heradstun.

Stadig fleire av dei som bur i Rosendalsområdet vil i åra som kjem vera godt oppe i åra, og i tillegg vil mange av desse ha barn og nære slektningar som bur i andre delar av landet. Dermed vil det naturleg nok verta eit aukande press på kommunale helse- og omsorgstenester.

For å få til ein så effektiv tenesteproduksjon som mogeleg, og dermed oppnå redusert kommunal utgiftsauke, vil eit viktig tiltak vera å samla flest mogeleg av dei eldre i lettstelte bustader nær sentrum.

For dei eldre vil det vera udelt positivt å få flytta til moderne leilegheiter på eitt plan der det er god plass til så vel rullestol som andre tekniske hjelpemiddel. Dermed vil det bli mogeleg å bu ekstra lenge i eigen bustad, før ein eventuelt må flytta til kommunal institusjon.

Ei slik samling av eldre kan bety mykje både for den fysiske og psykiske helsa. Einsemd er i dag i ferd med å bli ein av våre største folkesjukdomar, og difor er det ekstra viktig med lokalisering av eldrebustader nær dei ulike møteplassane og servicetilboda i sentrum.

Samtidig er det viktig med ei utbygging som legg opp til samling av ulike aldersgrupper rundt ein felles sosial møteplass. Der kan brukarane samlast til møte og fest og til ulike trim- og kulturaktivitetar. Slik kan dei eldre i tillegg til å delta aktivt i eit sosialt miljø, få bidra med kompetanse og livserfaring.

Utviklinga går diverre mot at eldreomsorg i aukande grad vert ei rein kommunal oppgåve. Som ei motvekt mot dette ynskjer vi i dei tre helselaga å fremja ei utvikling der omtanke for dei eldre får auka fokus. Dette er årsaka til at vi så sterkt går inn for ei samla utbygging av eldrebustader på Heradstun i Rosendal.

Løfallstand Helselag

Rosendal Helselag

Seimsfoss Helselag

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags