«Eit prosjekt me ikkje har råd til å utsette»

(Illustrasjon: Statens vegvesen).

(Illustrasjon: Statens vegvesen).

Av
DEL

MEININGARSamarbeidsrådet for Sunnhordland vil på det sterkaste oppmode Vestland fylkeskommune om å prioritere realisering av E39 Hordfast.

Hordaland fylkeskommune har vore ein sterk pådrivar for realiseringa av Hordfast. Prosjektet har i ei årrekke hatt stor tilslutnad frå offentlege og private aktørar. Dette har gitt seg utslag i at planlegginga har kome svært langt. Undervegs er det blant anna gjort gode tilpassingar i prosjektet for å vareta lokale omsyn til natur og miljø og eksisterande busetnad.

Dei seinare åra har ein også i stor grad lukkast med å redusere dei estimerte byggekostnadane.

Det at ein har kome så langt i planlegginga, og at viktige omsyn og problemstillingar er handterte og funne løysingar på, gjev tryggleik for ein føreseieleg og forholdsvis rask avslutting av planlegging og førebuingsprosessen.

Ein årelang draum om eit sameint fylke skal bli ein realitet.

Der innbyggjarar og bedrifter får fordelane som dei fleste andre har, der ein ikkje er bunden av fastsette ferjetider, frekvens og lange overfartstider. Eit prosjekt som er det aller mest økonomisk samfunnsnyttige for storsamfunnet, som vil legge til rette for auka verdiskaping for å sikre framtidig velferd, trafikksikker og føreseieleg kommunikasjon mellom lokalsamfunn, internt i regionen, landsdelen og mellom byregionar.

Etter samanslåinga med Sogn og Fjordane til nye Vestland fylkeskommune, har fylkesutvalet 20. april 2020 likevel vedtatt at ferjefri E39 mellom Os og Stord ikkje lenger skal vere prioritert.

Samarbeidsrådet har vore uroa for at fylkessamanslåinga skulle gjere regionen vår til ein utkant, og at interesser og behov for denne delen av fylket ikkje ville bli prioriterte. Fylkesrådmannen og fylkesutvalets vedtak stadfestar uroa.

Det er svært alvorleg og sterkt beklageleg at dette går på kostnad av realiseringa av eit av landets aller, aller viktigaste samferdselsprosjekt, samstundes som prosjektets betydning er så veldokumentert og velkjent.

Samarbeidsrådet meiner E39 Hordfast er eit prosjekt me ikkje har råd til å utsette, og det handlar ikkje berre om Sunnhordland.

Prosjektet har nasjonal betydning og er eit viktig bidrag for verdiskaping og inntekter nasjonalt, så vel som arbeidsplassar, aktivitet og samarbeid lokalt og regionalt.

Ei utsetjing vil openbart hindre heile det nye fylket i å løyse ut eit stort verdiskapingspotensial.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland oppmodar på det sterkaste Vestland fylkesting om å prioritere E39 Hordfast.

Sunnhordland, 6. mai 2020

Morten Storebø, ordførar Austevoll

Sammy Olsen, ordførar Bømlo

Mette Heidi B. Ekrheim, ordførar Etne

Harald Rydland, ordførar Fitjar

Hans Inge Myrvold, ordførar Kvinnherad

Jakob Bjelland, fung. ordførar Stord

Linn Therese Erve, ordførar Sveio

Kåre Martin Kleppe, ordførar Tysnes


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags