«Eit samarbeidsråd med skremmande tendensar»

Av
DEL

MEININGAR Kvinnherad har lang fartstid i Samarbeidsrådet for Sunnhordaland. Det har vore ein arena for mange, til dels tøffe debattar, men som har gitt brukbar utteljing for medlemskommunane. Døme: Trekantsambandet og Halsnøytunnelen.

Den siste tida synest eg at samarbeidet har utvikla seg negativt, det har skranta, og personleg tenkjer eg «kva fordelar og tenester sit Kvinnherad att med?». Har heile denne regionen gevinst, eller er det nokon som drar det lengste strået heile tida?

Førre veke vart mine antakingar dessverre bekrefta. Ein ordførar frå ein nabokommune som sit i samarbeidsrådet kontakta sentrale politikarar i Kvinnherad og truga med at dersom Kvinnherad ikkje trekte støtteuttalen til indre kyststamveg, vart all støtta til Sunnfast stoppa. I tillegg vart ein utidig pressa frå andre som jobbar inn mot Sunnfast.

Eg synest dette er heilt uhøyrt, og tilliten står til stryk. Kanskje det er på tide å vurdera dette samarbeidet?

Kvinnherad kommunestyre har einstemmig vedtak frå nov. 2011 som støttar indre trasé.

Eg kjem heller ikkje på saker dei siste åra der Kvinnherad har motteke noko draghjelp. Eit døme: Etter at ferja vart fjerna frå Leirvik har den segla sin eigen sjø. For ein sterkare region burde det vore fint for samarbeidet om nabokommunen kunne ytt ca. 100 meter strandlinje. Ferja hadde halvert reisetida, halvert forureininga, senka reisestresset og styrka regionen. Og sist, men ikkje minst: Det er realistisk og gjennomførbart på kort tid.

Skal eit samarbeid fungera, lyt ein dela på godene og ikkje berre dra ein veg.

Øyvind Hardeland


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken