Eitt nytt smittetilfelle
Fredag morgon blei det registrert eitt nytt smittetilfelle.
Personen var allereie rekna som nærkontakt og kommuneoverlege Glenn Opland fortel at smittesporinga var ryddig.
– Vedkomande sat alt i karantene, og vi har ei god aning om kor smitten kjem frå.
Opland opplyser at den smitta er eit barn.
Torsdag denne veka blei det meldt om 2 nye smittetilfelle i kommunen, også desse sat alt i karantene.
Onsdag testa også utanlandske arbeidarar positivt for covid-19. 31 personar måtte i karantene og isolasjon som følge av tilfella.
– Smitteauken kom som forventa no etter jul, sluttar kommuneoverlegen.
Send tekst og bilde
«
Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!
Kommentarer til denne saken