− Påverknadsverksemda til framande statar er ein alvorleg trussel mot nasjonal tryggleik og må stansast. Derfor vil regjeringa gi PST nye verktøy og foreslo 12. mai å kriminalisere samarbeid med framande etterretningstenester, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

Dei siste åra har ein sett påverknadskampanjar og desinformasjon i samband med val i fleire land. Russland og Iran er til dømes blant landa som har vorte skulda for å prøve å påverke dei to siste presidentvala i USA.

Regjeringa har no laga ein tiltaksplan for å hindre påverknad av stortings- og sametingsvalet til hausten.

Blant tiltaka er at eldre og den andre befolkninga skal lærast opp til å identifisere falske nyheiter og desinformasjon i samband med valet. I tillegg blir det utarbeidd ein rettleiar om hatytringar og truslar retta mot kandidatar som stiller til val, og media vil òg bli inviterte til eit dialogmøte med regjeringa for å styrkje tryggleiken ved gjennomføringa av valet.

(©NPK)

Bildeserie

Hopp i havet for nokre herlege sommardagar – sjå lesarane sine sommarbilde her!