Får bli i Ølve

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Pårørande til ein pasient som har langtidsplass ved Ølve alderspensjonat, reagerte då dei fekk skriv om at alle pasientar ved Ølve og Varaldsøy skal bli flytta til Rosendalstunet når det står klart i februar.

Dei påpeiker i brevet at mora sin høge alder, og det at ho trivst så godt i Ølve og er derifrå, er av det som talar imot å flytta henne, samt at avstanden for dei pårørande til å besøkja mora er kortare til Ølve enn til Rosendal.

Rådmann Odd Ivar Øvregård opplyser til Kvinnheringen at partane har snakka i lag, og har kome fram til ei semje om at pasienten skal få lov til å bli i Ølve framover òg.

Artikkeltags