Det var for høge krav til eldreombod – no vil dei prøva igjen

– Sjølv sakshandsamaren innrømte i 2014 at dei strenge krava var ei medverkande årsak til at ingen melde seg til stillinga som eldreombod i kommunen, seier leiar i Eldrerådet, Sverre Vevelstad.

– Sjølv sakshandsamaren innrømte i 2014 at dei strenge krava var ei medverkande årsak til at ingen melde seg til stillinga som eldreombod i kommunen, seier leiar i Eldrerådet, Sverre Vevelstad. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Då Eldrerådet prøvde å få til eit eldreombod i 2014, var krava for strenge til at nokon melde seg, meiner leiar i Eldrerådet. No vil dei prøva på nytt.

DEL

I 2014 prøvde eldrerådet, med Kristian Hus i spissen den gong, å få til eit eldreombod i kommunen. Hovudoppgåvene til eldreombodet skulle vera å vera eit bindeledd mellom dei eldre, og kommunen. Ombodet skal sitja med informasjon om kor ein skal venda seg i ulike situasjonar, og kva kriteriene for institusjonsplass, heimeteneste og omsorgsbustad er. No ønskjer eldrerådet å prøva å få til ei slik ordning på nytt.

– Det er slik i dag at ein ønskjer at eldre skal bu lengst mogleg heime, og det ønskjer ofte dei eldre også. Men ikkje alle er så heldig at dei har pårørande rundt seg. Då er det greitt å ha èin spesiell person ein kan kontakta om ein treng hjelp med forskjellige ting, seier leiar i Eldrerådet, Sverre Vevelstad.

Han fortel at det stadig vert vanskelegare for eldre, og at det vil verta ei dobling av 80-åringar innan 2040.

– Viss kommunen har den oppfatninga av at dei eldre skal bu lengst mogleg heime, treng dei ekstra støtte.

Kommunen gjorde vedtak i 2014 om å prøva å få til ei slik ordning, men funksjonen skulle ikkje vera løna, og kompetansekrava var for store, meiner Vevelstad. I søknaden stod det at personen måtte ha relevant helsefagleg bakgrunn, og kunnskap om helse og omsorgslova og lov om offentleg forvaltning.

– Sjølv sakshandsamaren sa det var stilt strenge krav, og innrømte at det var ei medverkande årsak til at ingen melde seg.

I ein artikkel i Kvinnheringen frå 2015 seier dåverande kommunalsjef Gunn Tove Petterteig, "Eg er ikkje overraska. Krava til kompetanse for dette vervet var nokså høge med tanke på kunnskap om det kommunale helse- og omsorgstilbodet. Det gjer vervet litt for omfattande til at nokon vil ta det på seg som ei ulønt oppgåve".

Denne gongen ønskjer Vevelstad og Eldrerådet at kommunen stiller ei 20 prosent stilling til rådigheit.

– Det kan for eksempel vera ein tilsett sjukepleiar som får denne 20 prosent-stillinga. Då har denne personen ein dag i veka den kan bruka på dette arbeidet, så vil det etter kvart visa seg om det er ei naudsyn stilling. Men slik eg ser det vil dette også vera sjølvhjelp til kommunen, om dei med så lite innsats kan yta litt ekstra til dei som treng det, og med det utsetja sjukeheimsplass, seier Vevelstad.

Artikkeltags