Vil ha matsaka utsett

Leiar i Eldrerådet, Kristian Hus meiner sak om middagservering ved sjukeheimane må utsetjast. (Arkivfoto)

Leiar i Eldrerådet, Kristian Hus meiner sak om middagservering ved sjukeheimane må utsetjast. (Arkivfoto)

Artikkelen er over 5 år gammel

Eldrerådet meiner saka om middagslevering til sjukeheimane i Kvinnherad må utsetjast.

DEL

Kvinnheringen skreiv sist veke at rådmannen tilrår å halda fram med levering av mat til sjukeheimane i Kvinnherad frå Bergen. Saka skal opp i kommunestyret komande torsdag.

– Vi er svært kritiske til at saka blir lagt fram for formannskapet utan at ho er sendt til Eldrerådet til uttale, slik vi etter forvaltningslova meiner å ha krav på. Vi har heilt tilfeldig blitt kjent med innstillinga frå rådmannen gjennom media, seier leiar i eldrerådet, Kristian Hus.

Han påpeiker at det ikkje er første gongen dei opplever dette, og det er difor nærliggjande å tru at det etter kvart har innarbeidd seg ei bevisst haldning både i administrasjonen og hjå einskilde politikarar om at Eldrerådet ikkje betyr noko.

Særleg dei siste åra er det blitt slik, meiner Hus. Han nemner mellom anna saka om taletid i kommunestyret, der kommunestyret sa nei til å gje rådet taletid.

Nokre har hevda at Eldrerådet spring einskildparti sitt politiske ærend?

– Eg har inntrykk av at somme ser på oss som litt brysame, og litt i vegen for deira syn. Eldrerådet skal jo ikkje alltid «vera på lag» med administrasjonen og politikarane.  Eg har følt i fleire saker at vi har vore litt i vegen for fleirtalet og administrasjonen sitt syn. At vi i nokre saker stundom har same meining som t.d. Høgre, kan ikkje vi lastast for, seier Hus.

– Vi krev at saka blir utsett i førstkomande formannskapsmøte, slik at vi, om mogleg, får sjå alle fakta i saka og høve til å gå meir detaljert inn i problemstillinga enn det som no er lagt fram. Vidare krev vi at malen som sakshandsamarane skriv teksten i, blir supplert med ordlyden «Uttale frå Eldrerådet», slik vi har peika på fleire gonger. Viss dette blir sett inn igjen, vil det kunna fungera som ei påminning for alle sakshandsamarar, i alle saker, seier Hus.

Eldrerådet er elles tilfredse med at politikarane no vil evaluera avtalen om middag til sjukeheimane i Kvinnherad. Dei er òg glade for at fleire politikarar har uttrykt skepsis til å forlengja avtalen når den går ut i november.

– Vi skal lytta til dei eldre
– Her har det nok heilt klart skjedd ein glipp. Vi skal lytta til Eldrerådet, og dei har uttalerett, seier ordførar Synnøve Solbakken.

Ho påpeikar at dei skulle hatt saka ei veke før den kom i sakspapira, og vi må i formannskapet drøfta om vi skal utsetja saka.

Samstundes presiserer Solbakken at sakspapira kjem ut torsdag før formannskap og kommunestyre, altså ei veke før møtet. Slik er det og for politikarane, ei veke før. Når Eldrerådet har møtekalendaren til formannskap og kommunestyre kan også rådet leggja opp sine formøte føre formannskap og kommunestyre, då har dei ei veke på seg til å gje uttale.

Saksutgreiinganr er som oftast ikkje ferdige før me alle får dei, derfor kan det kanskje vera greitt å gjera som her føreslege, seier Solbakken.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags