«Eldrerådet skal vel ikkje li for dette?»

Av
DEL

MEININGARTil gruppeleiarane for dei politiske partia i Kvinnherad:

Gjeld sak 2020/30 og sak 2020/32 i kommunestyret 20/2 – 2020.

I formannskapsmøtet 5/12 – 2019 vedtok dei at det framleis skulle vera to råd i kommunen; eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne, etter sterk motbør frå begge råda til forslaget om samanslåing til eitt felles råd frå kommunedirektøren.

I kommunestyremøtet 19/12 – 2019 vart framlegget frå kommunedirektøren om å setja ei grense for møte i råda på fire møte per år på rundt to timars lengde, trekt då råda sjølv hadde råderetten over dette iflg. Kommuneloven. Dette vart av oss dokumentert med uttale frå Aldersvenleg Norge v/Trude Drevland, Pensjonistforbundet og leiar i Fylkeseldrerådet.

No er administrasjonen ute med forsøk på nye avgrensingar i råda sin råderett ved å føreslå at kvart råd berre skal ha tre medlem med vararepresentantar, det vil seia ei sterk avgrensing frå praksis så langt. Grunngjevinga er at det har vore vanskar med å få forslag om nok kandidatar til rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

Eldrerådet skal vel ikkje li for dette? Det er kome inn nok kandidatar til å velja fem representantar med vararepresentantar. Ein av desse har vore ein politikarrepresentant, og målet med dette er å styrkja kontakten mellom rådet og kommunestyret og andre kommunale utval. Denne ordninga bør derfor halda fram.

I Vegleiar for eldreråd frå Regjeringa ved Kommunal og moderniseringsdepartementet, er det uttalt at føremålet med rådsfunksjonane er å sikra brei, open og tilstrekkjeleg medverknad frå eldre i alle saker som gjeld dei. Eldrerådet må vidare ha eit tilstrekkjeleg tal medlemmar til at eldrerådet kan utføra sine oppgåver som eit rådgjevande organ. Medlemmane bør såleis innhenta kunnskap om livssituasjon, behov og interesser for eldre i kommunen.

Å vere medlem av eldrerådet, krev innsats frå kvart einskild medlem gjennom heile året, ikkje berre på møta i rådet. Det vil seia at dei bør møta på pensjonistmøte, helselag og andre organisasjonar som organiserer eldre, både for å hente idear om saker, og for å gjera greie for arbeidet i rådet.

Korleis skal to eldrerepresentantar, som etter forslaget frå administrasjonen vil verta resultatet, makta denne oppgåva?

Fakta om den eldre garde i kommunen, som eldrerådet skal ivareta interessene og livsvilkåra for:

Pr. 20/11 – 2019 var det 3697 personar over 60 år i Kvinnherad kommune, av eit samla folketal på 13.079. Det vil med andre ord seia at 28,27 % av kommunen sine innbyggjarar var 60 år og eldre (nesten 1/3 av alle innbyggjarane i kommunen). Denne gruppa skal altså to personar ivareta interessene for, om forslaget frå kommunedirektøren vert godkjent.

Så må de òg ha i tankane at kommunen er langstrekt, og at samansetjinga bør avspegla ei mest mogleg geografisk spreiing.

Vi ser eit mønster frå forslaget om samanslåing av råda, via avgrensing av tal møte og møtetid til no ei halvering av tal møterepresentantar, som ei nedvurdering av dei eldre si rolle i det politiske liv i kommunen, i tillegg til nedverdigande haldning til eldrerådet frå einskilde i administrasjonen.

Som representantar for det avgåande eldrerådet kan vi ikkje godta denne innskrenkinga av framtidige eldreråd sin funksjon, og ber derfor om at de som politikarar ein gong for alltid set bordet på plass, og seier klårt og tydeleg frå kva rolle rådsfunkjsonane skal ha i Kvinnherad kommune.

Med dette meiner vi at begge råda framleis bør ha fem valde representantar som før med personlege vararepresentantar, og at råda skal ha ei sjølvstendig rolle som føreskrive i lov og retningslinjer.

I motsett tilfelle kan det verta større vanskar med å rekruttera nye medlemmar til råda etter kvart.

Vil òg nemna den store frivillige innsatsen dei eldre bidreg med i kommunen dagleg, både for unge og eldre. Håpar kommunen sine styrande set pris på dette, i staden for å stadig stikka kjeppar i hjula for dei.


For eldrerådet 2016 – 2019

Sverre Vevelstad (leiar)

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags