– Kva slags el-utstyr i dag varer i 50 år?

Av

Johannes Bondhus har gjort seg nokre tankar om fryseboksen i dette lesarinnlegget.

DEL

MEININGAR:Historia til Espeland om osten frå Austrepollen sette i gang nokre tankar om fryseboksen. Tidleg i 1950-åra kom der elektrisk straum til bygda vår. Det første husmødrene då fekk inn, var nok komfyren, ein fenomenal ting. So kom etterkvart strykejarnet, vaskemaskina, kjøleskåpet osb. Økonomien var ikkje slik at alt kom med ein gong, ein fryseboks kunne nok kosta bortimot ei månadsinntekt. Kva tid mor fekk sin, veit eg ikkje, men omkring 1955.

Så var det alderen på ost og boks. Eg veit ikkje om Espeland har «gløymt» osten i same boksen heile tida, i så fall er det ein god rekord. Ok, i 1977 tok bror min vår boks med seg til Jæren. Eg ringde han no i jula, og jau, boksen tutla og gjekk enno – omlag 60 år gamal. Kva slag el-utstyr i dag varer i 50 år? Om det er økonomisk straumforbruk er no ei anna sak. Når ein ser utanfor el-butikkane så er det ikkje mykje av det som er kasta som er over ti år gamalt, og det er no så billeg at ein kan skifta det ofte. Og fryseboksen var ein fantastisk ting for dei som levde mykje av naturarhushald. Fenomenalt å leggja slakt, fisk, bær osb. i, og for oss som var eit stykke frå butikk, også for handelsvarer.

No er boksen, mange har fleire, rett og slett misbrukt. Som ein ven sa ein gong: «Før fekk me ofte ferske kaker til kaffien, men no skal alt frysast først».

En slektning tømer med jamne mellomrom både reinsdyrkjøt og molter ein viss plass. Jau me òg har funne både det eine og andre som har lege i årevis, og med unntak av feit fisk (og ost) er det godt etande. Samlemanien er vel noko i genane som me har like frå vikingtida. Som Å. O. Vinje skreiv i «Ferdaminni frå 1860» då han fór gjennom Gudbrandsdalen og var innom storbonden Haakenstad sitt stabbur, at der var så mykje røykt kjøt og «fleskeskinkor som måtte vera minst femti år gamle».

Johs. Bondhus

Artikkeltags