Knallgøy med naturfag

Gunnar Eikemo Steine sit klar til å fyra på knallgassen. Dessverre vart denne delen av eksperimentet i denne gruppa øydelagd av ein lekkasje. Ved bordet sit også Hava Karin Eldi (i raudt) og Henriette Gjerde.

Gunnar Eikemo Steine sit klar til å fyra på knallgassen. Dessverre vart denne delen av eksperimentet i denne gruppa øydelagd av ein lekkasje. Ved bordet sit også Hava Karin Eldi (i raudt) og Henriette Gjerde.

Sjuande trinnet på Undarheim skule er kome på eksperimentstadiet. Hydrogen og knallgass stod på timeplanen måndag.

DEL

– Jippi, det smell og brenn!

Slik høyrdest jubelropa ut då nokre av arbeidsgruppene i naturfagrommet hadde hellet med seg i forsøket på å laga knallgass. Hovudsaka denne dagen var å laga hydrogengass ved hjelp av sink og saltsyre. Og var ein veldig heldig, kunne ein til sist klara å få hydrogengassen til å blanda seg med oksygengass med knallgass som resultat.

Elevane var oppslukte av oppgåvene, ikkje minst grunna ein entusiastisk lærar.

Nytenking

Undarheim skule går nye vegar når det gjeld å gjera elevane miljøbevisste og å førebu dei fagleg til ungdomsskulen. Moroa er frivillig og går føre seg etter skuletid kvar måndag resten av skuleåret. Opplegget har ikkje lærebok, men fagstoffet er knytt til naturfagplanen for 7. trinnet og pensumet i ungdomsskulen. Det blir lagt opp til både laboratoriearbeid, feltarbeid og teori. Knut Jan Kaldestad, pensjonert lærar frå vidaregåande, tar seg av undervisninga, som godt og vel halvparten av elevane har meldt seg på. Elevane skal innom økosystem, kjemiske prosessar, kroppen og klimaendringar. Sist veke stod dissekering av fisk på timeplanen, og denne veka var det altså hydrogengass og knallgass som galdt.

Både lærar Knut Jan Kaldestad og elevane fryda seg med forsøka. Her er han i prat med Trym S. Hammer, Håkon Georg Røssland, William Heggøy og Haukur Matthiasson.

Både lærar Knut Jan Kaldestad og elevane fryda seg med forsøka. Her er han i prat med Trym S. Hammer, Håkon Georg Røssland, William Heggøy og Haukur Matthiasson.

– Kjempegøy

Vi spør nokre av elevane kvifor dei frivillig vil bruka fritida si til endå meir skulearbeid.

– Det høyrdest så kjekt ut, så eg ville gjerne prøva. Faktisk er det kjempegøy, seier Hava Karin Eldi, som er veldig opptatt av å dokumentera dagens prosess på video.

Ved sida av henne sit Henriette Gjerde – også ho oppslukt av oppgåvene.

– Verkeleg kjekt. Og så er det jo lurt å førebu seg til pensumet på ungdomsskulen, meiner Henriette.

– Lærer du noko?

– Absolutt. Det meste er nytt og spennande!

Gunnar Eikemo Steine ser ut til å ta det meir med ro, men er likevel tydeleg konsentrert om oppgåvene.

– Kvifor er du med på dette? spør vi.

Gunnar smiler lurt og seier det rett ut:

– Fordi mamma meldte meg på.

– Har du tilgitt henne?

– Det skal eg innrømma at eg har, for dette her er veldig moro. Ikkje minst fordi læraren er både flink og kjekk, rosar unge Gunnar, før han igjen konsentrerer seg om reagensrøyra.

Artikkeltags