Unge «viking-ekspertar» i Omvikdalen

Den gamle leiken «kappe land» engasjerte elevane. Her er det Trym i 7. klasse sin tur til å sikra seg område ved hjelp av kniven.

Den gamle leiken «kappe land» engasjerte elevane. Her er det Trym i 7. klasse sin tur til å sikra seg område ved hjelp av kniven.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I samband med Erasmus-prosjektet er elevane ved Omvikdalen skule i ferd med å bli svært så drilla i vikingane sine skikkar og kultur. Torsdag via dei ein heil skuledag til vikingtida.

I samband med det internasjonale prosjektet, som skulen i Omvikdalen er så heldige å få vera ein del av dette skuleåret og neste, skal det lagast bok med eit emne frå dei ulike deltakarlanda. For Norge sin del var det naturleg å skriva om vikingane, då desse er ein sentral del av historia vår.

– Difor skal vi no bli "ekspertar" på vikingane, slik at vi kan skriva ein del om desse til boka. Vi har hatt mange postar på programmet i dag, vi har til dømes laga brettspel frå vikingtida, laga vikingmat, leikt "kappa land" og kasta piler, fortalde rektor Bjørn Rune Bergane.

I løpet av dagen var dei innom ulike fag, som historie, samfunnsfag, kroppsøving, kunst og handverk og mat og helse.

Heile skulen var med på aktivitetane denne dagen, men det er i hovudsak 5. - 7. trinnet som jobbar med Erasmus-prosjektet. I går tysdag var desse klassane på tur til vikinggarden på Avaldsnes, der dei var vikingar i fleire timar.

– Det skjer òg mykje anna spennande på skulen om dagen i samband med prosjektet, som har solenergi som hovudtema. Drivhuset reiser seg med stor fart, og vonleg kan vi ta det i bruk alt etter påske. Her må eg få retta ein stor takk til foreldra, som er svært engasjerte og gjer ein stor og viktig dugnadsinnsats for oss. Det er dei som reiser drivhuset, og eg er imponert over både farten på arbeidet og kunnskapen dei bidreg med, seier rektoren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags