Gå til sidens hovedinnhold

Skal hjelpa andre

Artikkelen er over 4 år gammel

Ei gruppe 8. og 9.-klassingar ved Øyatun skule skal det komande året gjera ein innsats for å hjelpa andre.

I år har dei 16 elevane eit heilt nytt valfag ved Øyatun som heiter innsats for andre. Og dei som skal og kan få hjelp kan vera i alderen frå 0–100 år. Det er ingen grenser for kva elevane eigentleg kan hjelpa med.

Vi vitjar valfaggjengen ein dag dei held på å planleggja kva dei skal gjera. No aller først handlar det om å få ut informasjon til folk, slik at dei kan få vita at det finst hjelp der ute. Plakatar, facebook, brosjyrar og lokalavisa skal kvar på sin måte vera med å få fram bodskapen. På facebook-sida innsats for andre ved Øyatun skule kan folk skriva kva dei eventuelt kan ha behov for å få hjelp til.

Den hyggjelege gjengen er svært ivrige når dei fortel kva dei kan gjera og kven dei kan hjelpa. Det kan vera eldre på aldersheimen, ungar i barnehagane, eller det kan vera flyktningar.

Kva dei kan hjelpa med er heller ikkje avgjort, men nokre tankar har dei gjort seg.

Det kan vera alt frå å laga mat, lakka neglar, hagearbeid, anna førefallande arbeid, vera ein samtalepartnar, eigentleg nesten kva som helst.

Og ikkje minst: Dette kostar ingenting – det er frivillig arbeid frå ung-dommane, og dei som får hjelp treng ikkje betala så mykje som ei krone.

No er dei i planleggingsfasen, men det nærmar seg å setja ideane ut i realitet, og det gler ungdommane seg til.

– Eg gler meg spesielt til å sjå glade ansikt på folk, seier Marius Bjelland

– For meg blir det stas å bli kjent med nye folk, seier Thea Brekke.

– Å gje noko tilbake til samfunnet, slår Sol Vilde Sveingard fast.

På rad og rekke nemner elevane gode grunnar for kvifor dei skal hjelpa og bidra med noko i samfunnet.

Hjelpa kan dei gje både i skuletida eller på ettermiddagstid. Det dei eventuelt gjer på fritida får dei seinare tilbake med at skuledagen vert flytta, slik at dei kan avspasera nokre timar.

– No håpar vi berre at folk gjev oss beskjed og kontaktar oss, slik at vi kan koma i gang å hjelpa, kjem det unisont frå heile gjengen.

Kommentarer til denne saken