Vest politidistrikt åtvarar mot pågåande svindelforsøk, denne gongen via politiet sitt info-nummer 02800.

Tidlegare har fleire andre politidistrikter åtvara mot oppringingar frå det som tilsynelatande er politiet sitt naudnummer. Nokre av svindelforsøka har kome frå det som ser ut som 112, andre frå det som ser ut som 02800.

Vest politidistrikt åtvarer mot å gi ut personopplysningar til dei som ringer.

– Nok ei melding om oppringing frå 02800 der ein påstått politimann med austlandsdialekt ber om å få detaljerte og private bankopplysningar fordi bankkortet skal vera misbrukt, skriv politiet.

– Når publikum ber om å få ringa tilbake, blir svindelen openberr. Ikkje gi frå deg bank-ID, melder politiet.

(©NTB)