Gå til sidens hovedinnhold

Endeleg er nyekjøkenet i Rosendal samfunnshus på plass: – Ein gedigen opptur

Det kanskje flottaste storkjøkenet i kommunen nett no finn ein i Rosendal samfunnshus.

I april løyvde Sparebank1-stiftinga éin million kroner til nytt kjøken ved Rosendal samfunnshus.

No er eit nytt storkjøken montert og stort sett klart til bruk. «Innviinga» skjer i dag, laurdag, i samband med at Rosendal skulekorps held jubileumskonsert.

Då Kvinnheringen var innom torsdag, var det stor aktivitet for å få alt klappa og klart til konserten. Primus motor for samfunnshuset, Kristin Lamberg, tok den siste finpussen på det nye kjøkenet.

– Er det ikkje flott? Vi er skikkeleg fornøgde. Dette er ein gedigen opptur, smilte ho breitt, og la til at dei var svært takksame for gåva frå stiftinga som hadde gjort dette mogleg.

Lamberg fortalde at kjøkenet er planlagt for at ein skal kunna halda ein god arbeidsflyt, og med eigne soner for ulike arbeidsoppgåver. Sønene Sebastian og Tobias har vore med og planlagt kjøkenet i lag med leverandøren Norrøna.

– Vi håpar jo at mange kan få glede og nytte av kjøkenet og huset framover. Samstundes forpliktar det å ha slike flotte fasilitetar. Alle som leiger og nyttar huset må ta medansvar for å halda det ved like, poengerte ho.

Flott salong

I løpet av veka har det vore dugnadar for å koma i mål med kjøkenet.

– Tysdagen var det svært god oppslutnad på dugnaden, så det var veldig kjekt. Å samla folk til dugnad er ikkje alltid like enkelt, då folk har det travelt. Det skal ein ha forståing for. Men vi synest det er fint når folk stiller opp og bidrar til dette flotte samlingspunktet i bygda, smilte Lamberg.

Det skjer også mykje anna oppgradering på samfunnshuset om dagen. Møterommet i 2. etasje skal fornyast, og på atriet kjem det ein flott salong med fleire sitjeplassar.

– Den vil truleg bli oppkalla etter Lul Krag, sidan vi har dei flotte kunstverka hennar hengande her!

Mykje oppgradering har blitt gjort sidan Kristin og mannen Trygve kom inn i bildet. Paret med familie har lagt igjen eit utal dugnadstimar og mykje energi på å rusta opp og modernisera samfunnshuset i bygda.

– Kva er drivkrafta dykkar?

– Då vi kom inn i bildet, stod jo huset her med betydeleg trong for restaurering og oppgradering. Det lak her og der, og mykje måtte gjerast. Men vi syntest at det var for gale at huset skulle forfalla, og personleg så brenn eg jo veldig for at bygda skal ha ein flott plass der folk kan samlast til viktige høgdepunkt og der unge og eldre kan driva med aktivitetar, seier Lamberg.

Les også

Heildagsskulen kan bli berga

Kommentarer til denne saken