Idrettsaugneblikk, vennskap og minne for livet blir skapt kvar gong Norway Cup samlar tusenvis av unge, håpefulle frå mange ulike nasjonar på Ekebergsletta i Oslo. Turneringa er blant dei aller største fotballturneringane for barn og unge i verda, viss ikkje den største.

Søndag blir turneringa sparka i gang etter ufrivillig koronapause. Heile 1.852 lag er påmeldt når Norway Cup i år feirar 50 år. 11 av dei er lokale.

Slik ser du på Direktesport

Du kan sjå på Direktesport både i vanleg nettlesar (mobil, nettbrett og desktop) og på TV-en din viss du har ein nyare smart-TV eller Apple TV.

  1. Skaff deg Kvinnheringen-abonnement, om du ikkje allereie har det. Akkurat no får du tilgang for 1 kr for 1 månad.
  2. Søk etter «Direktesport» i app-butikken din.
  3. Last ned appen og følg instruksjonane på skjermen for å logga inn med abonnementet ditt.

Appane fungerer på Apple TV-ar med tvOS 11.0 eller høgare. Det vil seia modellane Apple TV HD og 4K. For Samsung og LG må du ha ein smart-TV produsert i 2017 eller seinare.

Trio og Rosendal har fem lag kvar som deltar i årets turnering. Halsnøy eitt. Nokre av kampane deira på Norway Cup kan ein sjå direkte i sportsportalen Direktesport på Kvinnheringen.no (abo.).

Søndag kveld møter Trio G19 Skånland OIF frå Nord-Norge klokka 18:05. Måndag Skal IL Trio Panenka (G15/16) i aksjon mot Sandane Turn og Idrettslag frå Gloppen kommune i Sogn.

Tysdag spelar Halsnøy sitt J15-lag mot KFUM-kam. Oslo 2.

Etter kvart som turneringa går over i sluttspel, blir det kanskje høve til å sjå fleire av laga frå Kvinnherad i aksjon, anten det er eit a- eller b-sluttspel dei skal inn i.

Desse laga frå Kvinnherad deltar på Norway Cup (klikk på namnet for å sjå resultata deira):

IL Trio G13/14 (7ar)

IL Trio G14 (11ar)

IL Trio G19 (11ar)

IL Trio Rabona G15/16 (7ar)

IL Trio Panenka G15/16 (7ar)

Rosendal TL G13 (9ar)

Rosendal TL G16 (11ar)

Rosendal TL J13 (9ar)

Rosendal TL J13/14 (7ar)

Rosendal TL J15/16 (7ar)

Halsnøy IL J15 (11ar)