I år er det få om ingen koronarestriksjonar å ta omsyn til under påskeferien.

Og som alltid vil Kvinnheringen gjerne ha lesarane sine bilde frå anten fjellet eller anna kjekt de finn på.

Kanskje du går tur, lagar god mat, treffer familie og kjente, pussar på bil eller båt, lagar påskepynt eller leitar etter påskeegg? Eller kanskje du har reist på hytta eller er på utanlandsferie?

Send bilde til oss! Gjerne med folk på. Vi legg ut bilda i ein serie på nett, og plukkar ut dei beste til avisa. Bildeserien på nett blir oppdatert gjennom påsken og i veka etterpå.

Hugs at dine idear kan inspirera andre som kjedar seg!

Hugs å ta med namn på dei vi ser på bildet, og kor det er tatt. Jo meir informasjon, jo betre.

God påske!