– Mange har vist interesse for støttemarsjen, og ytra ønskje om ein tur alle kan vera med på, seier Mari Varanes i Kvinnherad Turlag.
Difor vil støttemarsjen no starta ved paviljongen i Husnesparken søndag morgon. Her blir det korte appellar mot vindkraft i fjella, før turen går til Retro/busstasjonen og deretter vidare opp i terrenget til Bremstølen.
Derifrå kan ein velja om ein vil vera med vidare til Mjelkhaug, som er eit av dei aktuelle områda for utbygging av vindmøllepark.
Les også
Arrangerer støttemarsj: – Heilt forferdeleg at dei tenker å øydelegga desse naturområda