– Har venta lenge på denne kampen

KLAR FOR 3. DIVISJON: Endre Eide kan nesten ikke vente med å komme i gang med årets 3. divisjon.

KLAR FOR 3. DIVISJON: Endre Eide kan nesten ikke vente med å komme i gang med årets 3. divisjon. Foto:

Av

Djerv 1919-trener Endre Eide seier at serieopninga ikkje kan komma fort nok.

DEL

FOTBALL: – Ja, eg har knapt klart å vent. Det er alvoret som driv oss, seier Eide.

24-åringen gler seg enormt til å ta Djerv 1919 med seg inn i årets 3. divisjon etter opprykket i fjor. Laurdag ventar antatt sterke Fyllingsdalen heime på Djervbanen – oppgradert for høvet – til serieopning.

– Eg er spent og uredd. På vårt beste kan vi slå alle laga i avdelinga. Så gjeld det å skvisa ut det beste så ofte som mogleg. Eg trur det blir ekstremt jamt på nedre halvdel, seier Eide, og erkjenner at det er der Djerv 1919 sannsynlegvis endar opp på tabellen i haust.

– Målet er å berga plassen. Vi speler i ei av dei tøffaste avdelingane og møter ein del lag som satsar mykje pengar på dette. Mykje meir enn oss i Djerv 1919, seier Eide.

Han trur det kan vera ein fordel å møta ein av førehandsfavorittane i første serierunde.

– Det er alltid mange faktorar som speler inn i første serierunde. Det kan vera til fordel for oss. Fyllingsdalen er ein av favorittane. Og vi veit mykje om kva som møter oss. Eg har sett nokon av Fyllingsdalen sine kampar i fjor. Og eg har fått rapportar frå fleire av deira treningskampar i år, seier Eide.

Tom Undheim har karantene og må stå over dei to første seriekampane. Vetle Rødje og Lennart Henriquez er ute med skade. Det betyr at Djerv 1919 truleg stiller med desse elleve i serieopninga (4-3-3): Herman B. Fossdal – Jonas Wergeland, Eivind Espeland, Sivert Helgesen, Torbjørn Log Persson – Mats Rasmussen, Thomas Horneland, Maid Memic – Sander Deilkås, Jørgen Voilås, Fredrik Deilkås.

Kampen ser du direkte på h-avis.no. Vidar Levinsen kommenterer. Avspark klokka 16.00.



Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags