Avviket blei kjapt rapport vidare og valresultatet oppdatert.
Feilen får ingen betydning for mandatfordelinga til kommunestyret.
Lars Næs i valstyret opplyser til Kvinnheringen fredag at ein jobbar med å få signert den nye protokollen, og at den truleg ikkje blir klar før i neste veke.
Den største endringa etter at dei 59 stemmene er talde, er at Knut Olav Myklebust tar varaplassen til Leif Kongestøl i KrF, ifølge Næs.
Leif Kongestøl hoppa frå 14. plass til 7. plass etter at personstemmer og slengarar var talde, medan Myklebust hoppa frå 15. plass til 8. plass. No byter duoen altså plass, og Myklebust kjem inn som siste vara for KrF.