Slik styrer dei straumen frå Åkra til Øyatun – ned til minste detalj

Driftsleiar Håkon Hjelmeland og Thor Jarle Bjelland.

Driftsleiar Håkon Hjelmeland og Thor Jarle Bjelland.

Artikkelen er over 1 år gammel

Kvinherad kommune har redusert straumforbruket med fleire millionar kroner dei seinare åra. Det skjer frå ei «brakke» på Husnes.

DEL

I eit lite bygg utanfor Husnes ungdomsskule har driftsoperatørane til kommunen oversikt og kontroll over heile 17 bygg i den langstrekte kommunen . Derifrå kan dei styra dei SD-ustyrte bygga (sentral driftskontroll) ned til minste detalj. Frå skular til sjukeheimar. Frå ein enkel omn til ein annan. Den teknologiske utviklinga gir kommunen sine folk full kontroll over energiforbruket, styrt i detalj frå datamaskina på basen på Husnes.

100.000 kvadratmeter

Det er einingsleiarane sin jobb å melda inn kva tid bygget skal vera oppvarma. Er det foreldremøte ein kveld, vert dette bestilt per e-post til hovudbasen på Husnes. I kalenderen på datamaskina kan ein så plotta inn datoar og klokkeslett – som feriar eller heilagdagar – når anlegget skal skruast ned.

– Slik kan vi styra temperatur, ventilasjonsanlegg og lys til ei kvar tid. Vi har heile tida oversikt over forbruket til kvart bygg, forklarar driftsleiar Håkon Hjelmeland.

Dei har ansvar for energiforbruket for 100.000 i 17 bygg på til saman 100.000 kvadratmeter, i tillegg til vedlikehald av bygga. I vår vart rådhuset i Rosendal utstyrt med tre nye ventilasjonsanlegg. Driftsoperatør Thor Jarle Bjelland demonstrerer (sjå bildet) kor mykje ein får igjen for det.

– Systemet har heile vegen blitt utvikla og utvikla. At vi no har kome så langt, skuldast ein kombinasjon av utviklinga av SD-systemet og energieffektivisering av bygga våre. Ein må investera for å spara, påpeikar Bjelland.

Nyleg vart rundt 80 lysrøyr med LED-lys skifta ut ved Myrane barnehage.

– Det halverer straumforbruket, og LED-lys har fem-seks gonger lengre levetid, legg Bjelland til.

Sparer hundre tusen på Sunde

Einingsleiar Knut Bjørgvik er godt nøgd med utviklinga.

– Ein tommelfingerregel er at vi kuttar forbruket med 30 prosent i bygga systemet er installert i. Og så kjem andre tiltak som fasade, isolasjon og ventilasjonsanlegg utanom, forklarar han.

– Sunde skule sparer hundre tusen kroner i året med dette utstyret, samanlikna med Valen. Skulane på Valen og i Bringedalsbygda er dei neste på lista.

Kvinnherad kommune har eit straumforbruk på rundt 14.000.000 kilowattimar i året.

– Målet er å redusera forbruket med endå ti prosent på sikt, men det avheng av dei økonomiske rammene vi får. Som sagt: ein er nøydd til å investera for å tena pengar, seier Håkon Hjelmeland til Kvinnheringen.

Desse bygga er utstyrt med SD-system:

Folgefonnsenteret

Halsnøytunet

Halsnøy Skule

Hatlestrand skule

Hauge skule

Kulturhuset Husnes

Husnes ungdomsskule

Husnestunet

Rådhuset

Malmanger skule

Rosendalstunet

Rosendal ungdomsskule

Sunde skule

Undarheim barneskule

Uskedalen Aktivitetshus

Øytatun skule

Åkra oppvekstsenter

Artikkeltags